Hopp til innhold

Flaumtoppen i Mjøsa utsett - kan kome om ei veke

Kraftig regnvêr kan føre til at flaumtoppen i Mjøsa kjem fyrst om sju dagar. Men NVE trur ikkje at dei vil nå nivået frå 1995.

Det siste døgnet har landets største innsjø stege med 16-17 centimeter, og vatnet frå Gudbrandsdalslågen strøymer stadig ut i Mjøsa.

Tidlegare har NVE trudd at flaumtoppen ville vere på sitt største i slutten av denne veka, men nå virkar det som om folk rundt innsjøen må leve med mykje vatn nokre ekstra dagar.

– Vi er spente på om det vil kome mykje nedbør laurdag, sundag og måndag. Dersom vêrvarselet slår til vil flaumtoppen truleg kome om sju dagar, seier regiondirektør i NVE, Stein Nordvi.

Ein meter under 1995

Flaumsteinen i Hamar sentrum var i går nokre meter frå vasskanten, i dag står foten av steinen under vatn. Nå er den såkalla lokale høgda 6,68 meter, og det er venta at Mjøsa vil stige ytterlegare 30 centimeter.

– Heilt sikker er ein aldri, men ut frå dei prognosane vi har nå så tydar det på at vi vil nå omlag 7 meter, seier Nordvi.

Det er omlag ein meter lågare enn under storflaumen i 1995.

5000 sandsekkar på lager

Varaordførar Christel Meyer i Hamar seier at dei starta å førebu seg på flaumen allereie før helga.

– Vi har teke kontakt med alle som bur flomutsett til, og ber dei følgje med for å unngå vatn i kjellarane. Vi følgjer nøye med, og sjølv om vi ikkje har vatnet under kontroll, har vi kontroll på situasjonen.

Ho fortel at dei har 5000 sandsekkar på lager, og at mange også har pumper for å få ut vatnet som eventuelt vil hamne i kjellarane.

– Mange er også bekymra for at vasskvaliteten, og den følgjer vi nøye med. Men vassinntaket ligg på 160 meter, så det skal mykje til for at det går gale, seier varaordførar i Hamar, Christel Meyer.

11 stengde vegar

I Gudbrandsdalen er det fortsatt mange utfordringar i etterkant av flaumen i pinshelga. Mange er utan vatn, hus er øydelagt, og mange vegar er framleis stengt.

– Det er 11 fylkesvegar som er stengt, og vi jobbar framleis med å få oversikt over skadane. Nå må vi prioritere kva vegar som skal takast fyrst, seier Hans Christian Østrem i Statens Vegvesen.

Flere saker fra Innlandet