Hopp til innhold

Namneregel skaper kaos

Det kan bli eit kaos av ulike namn når kvar enkelt grunneigar får bestemme namneforma på garden sin, meiner namneforskar.

Kulturkomiteen på Stortinget vedtok den nye namneregelen i går, etter at ei gruppe grunneigarar på Toten har kjempa for saka i mange år.

Namneforskar Bottolv Helleland ved Universitetet i Oslo er kritisk. Gardsnamn ikkje er ei privatsak, meiner han.

Forskrekka

Helleland er forskrekka over vedtaket i kulturkomiteen.

- Nå er det i praksis opna for alle former som er brukte som som familie- og slektsnamn, seier han. - Dermed vil vi få mange namneformer som ikkje svarer til norske skrivereglar, som stum h i Dahl og Vik skrive med w.

Til nå har Statens kartverk bestemt korleis eit gardsnamn skal stavast. Etter vedtaket i kulturkomiteen blir det truleg opp til kvar enkelt bonde.

Bottolv Helleland fryktar kaos.

- Same gardsnamn kan nå få ulike skrivemåtar, alt etter kva grunneigaren ønskjer, seier han. - Kart og skilt kan nå verke forvirrande.

Helleland meiner gardsnamn ikkje berre er ei privatsak, men også ei fellessak. Namna er ein del av kulturarven, som det er viktig at det offentlege har ein viss kontroll med.

Full siger

På Toten derimot var det jubel over vedtaket. Der har grunneigarar kjempa for saka i 12 år. Ein av dei er Ole Anton Hoel. Han ser på vedtaket som full siger.

- Nå blir det slutt på å tvangsendre namn på gardar og eigedommar i Norge, seier han. - Vi på Toten hadde aldri tenkt å gje oss på dette.

Flere saker fra Innlandet