Hopp til innhold

Nå må du spa hyttetaket

BJORLI (NRK): Aslak Enstad rydder to hyttetak kvar dag og jobbar på spreng for å redde eigedommar frå den tunge snøen. Spa taket før tolegrensa er nådd, oppmodar ekspertane.

Aslak Enstad

MYKJE SNØ: Mange hytteeigarar er bekymra for om taket held all snøen som er komen den siste tida, fortel Aslak Enstad. No går det ikkje ein dag utan at han måker hyttetak på Bjorli.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Det er betre å vere føre var enn etter snar, seier Aslak Enstad.

Han driv Bygg og Hytteservice på Bjorli i Nord-Gudbrandsdalen og har ansvar for å spa snø av hyttetaka i området. Den siste tida har han spadd to hyttetak kvar dag.

Aslak Enstad

HARDE TAK: All snømåkingen er god kondisjonstrening, seier Endstad.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vi ryddar eit par tak om dagen. Ein merker det på kondisen og styrken etterpå. I fjor var det mykje snø. Da held vi på kvar dag i nesten to månader, fortel han.

– Lurt å rydde taket før tolegrensa er nådd

Ifølge Direktoratet for byggkvalitet kan ein rekne med at hustak toler 150 kilo snø per kvadratmeter, uansett om taket er nytt eller gamalt. Men det er forskjell på våt og tørr snø.

– Det er lurt å spa snøen av taket i god tid før tolegrensa er nådd og før snøen blir tung og våt, fortel sjefingeniør Vidar Stenstad.

– Dersom taket skal tole 250 kilo per kvadratmeter, betyr det at taket toler 80 centimeter tørr og gammal snø, eller 60 centimeter våt snø, seier han.

Stenstad fortel at endringar i bygninga ofte er eit varsel om stor belastning. Dersom dører og vindauge går tregt, bør ein rydde vekk snøen.

– I nokre situasjonar kan ein også høyre knirk og smell i konstruksjonen. Da kan det vere fare på ferde, og større bygningar må eventuelt evakuerast, seier han.

Uvanleg mykje snø

Sidan nyttår har det falt store snømengder over heile landet. Den siste veka har det kome over ein meter fleire stader. Det har skapt problem for både trafikantar og infrastruktur. Ifølgje statsmeteorolog Vibeke Tynnes er det liten fare for like store snømengder framover.

– Vi ventar ikkje like mykje snø framover, men det kan kome 10–15 centimeter sør for Dovre dei neste dagane, seier ho.

Tynnes fortel at vinteren i år har vore uvanleg snøtung.

– Det er mykje meir snø i lågaraliggjande strøk nå enn før. Det er definitivt meir snø enn tidlegare år, fortel ho.

Fødd med spade i hendene

På Bjorli er dei vane med å rydde snø. I vinter har det vore mykje å ta tak i. Sidan det fyste snøfallet har det kome nesten fem meter, viser statistikk frå Meteoroligsk Institutt.

– Vi seier at ein blir fødd med ski på beina i Noreg. På Bjorli blir vi født med ski på beina og spade i hendene. Snø er pengar på Bjorli, ler Endstad.

Mye snø på Bjorli

OVER METEREN: Det ligg over ein meter snø på Bjorli nå.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han fortel at hytteeigarane er uroa og ringjer han for å få rydda taka sine.

– No har dei vore her i jule- og nyttårshelga og sett at det ligg mykje snø. Dei vil ha rydda hyttetaka, garasjen og inngangspartiet, seier han.

Flere saker fra Innlandet