NRK Meny
Normal

Nå kan du vere med og redde liv i fjellheimen

LOM (NRK):– Eit fabelaktig hjelpemiddel, seier skredekspert Albert Lunde om appen der alle kan registrere snøskredfare.

På topptur i Leirdalen

SNØSKREDFARE: Stadig fleire vil gå på ski i bratte fjell. Nå kan dei vere med og rapportere om snøskredfaren i området der dei går.

Foto: Even Lusæter / NRK

Det er ein strålande dag i topptureldoradoet Leirdalen i Lom. Rundt oss står 2000-metertoppane på rad og rekkje, som freistande turmål for ivrige skikøyrarar.

Tre karar på randoneeski har sikta seg inn på ein av dei, men endrar ruta etter eit møte med skredekspert Albert Lunde.

– Eg ville ikkje anbefalt å gå dit i dag. Vindretninga er nordvest og det er 35 graders helling på delar av turen, seier han, og kjem heller med tips om ein annan og tryggare tur.

Snøskredvarslinga varsom.no melder om betydeleg snøskredfare over store delar av landet i innleiinga til påska. Jotunheimen er ikkje noko unntak.

Registrerer drønn i snøen

Lunde er observatør for NVE i Jotunheimen og leiar for Nord-Gudbrandsdal alpine redningsgruppe. Nå ber han fleire hjelpe til.

Appen regobs

I appen regobs kan alle registrere fare for snøskred.

Foto: regobs

Gjennom appen regobs kan alle vere med og registrere snøforholda der dei ferdast. Tidlegare har den vore brukt av folk i redningstenesta, nå blir alle fjellfolk oppfordra til å bruke den.

– Når ein oppdagar fareteikn som drønn i snøen er det fort gjort å gå inn på telefonen og registrere kvar du er. Eg vil absolutt anbefale alle å bruke denne appen. Dette er ekspertverktøy for folk flest, eit fabelaktig hjelpemiddel.

45.000 observasjonar i fjor

I appen, som er utvikla for NVE, kan du leggje inn dine eigne snøobservasjonar, i tillegg til at du kan lese kva andre har opplevd. I tillegg til fare for snøskred har den også oversikt over usikker is på vatn og innsjøar, flaum, overvatn og jordskred.

Kvar dag blir det meldt inn 3–400 observasjonar, og i 2017 fekk dei inn til saman 45.000 meldingar.

– Det er all grunn til å kome seg til fjells. Men ein må vere merksam på at det er lagdelt snø der det er fastare lag som kviler på lausare lag. Blir flaket stort nok og terrenget er bratt nok så kan ein løyse ut snøskred, seier skredekspert Albert Lunde

Korleis vere best mogleg førebudd?

Ørjan Venås i skredgruppa Innlandet sper på med fleire gode råd for dei som har tenkt seg høgt til fjells i påska.

– Det er ein del utstyr ein må ha med seg. Sendar og mottakar er viktig, og ikkje minst at ein kan å bruke det. Søkestong må ein ha for å finne ut kvar ein person ligg, og du må ha med spade for å grave fram den som er teke.

I tillegg er det viktig å pakke sekken slik at ein kan takle raske vêrskifte.

– Ha med varme klede, vindsekk og nok mat og drikke, er rådet frå den erfarne fjellkaren.