Hopp til innhold

100 år gamal mystisk pakke opnast på direkten

I 100 år har ei mystisk pakke lege uopna på kommunehuset i Sel. I dag kjem det hemmelege innhaldet fram i ljoset. Du kan følje pakkeopninga direkte her frå klokka 18.

Pakkeopninga er ein stor hending, og blir sendt direkte på Sel kommune sine nettsider i kveld.

På grunn av stor pågang kan det være vanskelig å se video-overføringen. Forsøk igjen ved å oppdatere sida eller trykk F5.

Ordføraren skal klyppe hyssingen, og opne den hemmelege og forsegla pakka framfor eit stort publikum på scena i Ottahallen.

Dag Erik Pryhn med den hemmelige pakka

Ordførar Dag Erik Pryhn håper det er eit aksjebrev frå ei amerikansk oljeselskap.

Foto: Stein S. Eide / NRK

Sendingen er produsert av Høyskolen i Oslo og Akershus, AV-seksjonen.

– Flettene til Pillarguri?

– Kanskje er det flettene til Pillarguri? Eller kanskje ein protokoll? Det er heilt sikkert noko interessant.

Inger Lise Bakken og Hjørdis Båtstad i Sel kommune er spente på kva den 3,1 kilo tunge, 40 cm lange og 28 cm breie pakka som ligg i arkivet kan innehalde.

– Vi kan jo håpe at det er aksjebrev frå eit amerikansk oljeselskap, skyt ein lettare optimistisk ordførar Dag Erik Pryhn inn.

– Kan aabnes 2012

Sinclairspelet 2008

Frå Sinclairspelet i Rauma i 2008.

Foto: NRK Møre og Romsdal

Pakka vart levert til kommunen i 1927, av Sel kommune sin fyrste ordførar Johan Nygård. På pakka står det «Kringenstøtten og Kringenfesten 26. august 1912. Kan aabnes 2012».

Nå er året her, og det passa bra å opna pakka i samband med markeringa av at det er 400 år sidan slaget ved Kringen.

I 1612 nedkjempa lokale bønder ein tropp med skotske leigesoldatar, og det ende i eit blodbad der fleire hundre av skottane måtte bøte med livet.

Kanskje har innhaldet i pakka noko med dette slaget å gjere?

– Johan Nygård var sentral i markeringa i 1912, og håpa at det ville vere til glede for lokalsamfunnet når pakka vart opna, seier han som er ordførar 100 år seinare, Dag Erik Pryhn.

Ikkje opna

Pakka er grundig forsegla, og ordføraren lovar at den aldri har vore opna.

– De går ikkje an å få opp denne utan å bryte begge segla. Så da er vi trygge på at den ikkje har vore opna, og at innhaldet er ukjent.

– Vi har lyfta klemt og kjent, men aldri opna den. Vi på arkivet må vere lovlydige, ler Hjørdis Båtstad.

Nær kasta

Det har vore fleire episodar der pakka nær har vorte borte for kommunen, men har vorte redda i siste liten.

– Det var ei loftsrydding i arkivet på slutten av 50-talet. Da var det heldigvis ein som var så medviten at den ikkje vart kasta, men levert i kommuneadministrasjonen, fortel Pryhn.

Også i byrjinga av 1980-talet var pakka borte. Da vart ho funnen att i eit hus kommunen skulle selje, og gjeve attende til kommunen.

– Det er uansett historisk verdifullt, men vi har vel ikkje store forhåpningar om at vi vil redde kommuneøkonomien, humrar Dag Erik Pryhn.

NRK sender direkte frå opninga av pakka frå klokka 18 i kveld.

Flere saker fra Innlandet