Hopp til innhold

– Mora gav han mot til å dikte

RUDSHØGDA (NRK): Alf Prøysen hadde eit svært nært tilhøve til mora Julie. I barndomsheimen gav ho han ein fristad der han kunne vere seg sjølv.

Om forholdet mellom Alf Prøysen og mora Julie

NÆRT: Sjå video der Mary Kristine Olsen Hagen fortel om tilhøvet mellom mor og son Prøysen. Foto: Johan Brun / Hedmarksmuseets fotoarkiv. Video: Arne Sørenes

Mary Kristine Olsen Hagen er oldebarnet til Julie Prøysen. Ho budde sjølv på husmannsplassen Prøysen dei første 20 åra av livet sitt, dei første ni også i lag med oldemora.

– Ho var veldig snill, smiler Mary Kristine inne i den vesle stova som ein gong var heimen hennar, men som no er eit museum.

– Og ho var veldig god til å fortelja. Så då eg var liten og ikkje ville vera ute og leike, så sat oldemor på eine sida av bordet og fortalde frå då ho eller borna hennar var små. Eg budde under bordet, mens mor mi sat ved andre sida og jobba.

Mary Kristine Olsen Hagen

STOLT: Mary Kristine Olsen Hagen fortel om oldemor Julie og grandonkel Alf.

Foto: arne sørenes / nrk

Mot til å vere seg sjølv

Mary Kristine fortel at oldemora var ei modig dame som våga å vere seg sjølv. Fattigdommen kunne vere hard, men var det ein ting Julie ikkje kunne tåle, så var det urett. Ho kunne snakke for seg, og mange var dei som fekk passa sine påskrivne av Julie Prøysen.

Det same engasjementet kjem til uttrykk i mange av Alf Prøysen sine tekstar. Mary Kristine hugsar eit svært nært tilhøve mellom mor og son:

Oldemor sine briller

MINNE: Julie Prøysen sine briller ligg framleis på bordet i Prøysenstua i Ringsaker.

Foto: arne sørenes / nrk

Når Alf var på besøk så turde ikkje eg å forstyrre så mykje, for han og oldemor var i si eiga verd. Det var ømhet og forståing, utan at dei sa så mange ord. Det var nok med eit nikk og eit smil. Dei var veldig nære og samkøyrde.

Mary trur denne nærleiken gav Alf mot til å møte verda som den han var, trass i ei stadig kjensle av mindreverd:

– Heime kunne han puste ut og kjenne at han var bra nok.

Inspirert av mor

Fleire av tekstane til Alf Prøysen er inspirert av livet til mora Julie, eller av dei tallause historiane ho fortalde då han var liten gut. Mary Kristine nemner både "Husmannspolka", "Du skal få ein dag i morgon" og "Lille måltrost", men aller mest trur ho at "Julekveldsvisa" er påverka av Julie:

– Det var slik ho fortalde juleevangeliet då borna var små, slik at dei skulle forstå innhaldet. Så Alf hadde meir eller mindre teksten ferdig då han vart spurt om å hente evangeliet ned frå Himmelen og plassere det i ei gråstugu.

Prøysenstua

BARNDOMSHEIMEN: Sjå Mary Kristine fortelje meir om livet i Prøysenstua. Video: Arne Sørenes.

Flere saker fra Innlandet