Hopp til innhold

– Visste ikkje at dottera låg på dobbeltrom med Øygard

Mor til den snart 17 år gamle jenta melde Rune Øygard til politiet same helga som ho fekk vite om dei påståtte overgrepa. Ho forklarte i retten at ho ikkje visste at Øygard og jenta låg på dobbeltrom når dei var på reise saman.

Tegning rettssak

Rune Øygard er gift med ein slektning av mor til jenta.

Foto: Elin Fagertun / Tegner

Det var mor til jenta som melde Rune Øygard til politiet etter at ho fekk høyre dottera si historie. Ho er gift med ein slektning av Øygard, og i dag forklarte ho seg om saka i tingretten.

Ho tykte tydeleg at det var vanskeleg å prate om haustkvelden ho fekk høyre kva som hadde skjedd med dottera.

– Ho var som ein liten fugl då eg henta henne, seier mora og viser korleis dottera krøka seg saman i fosterstilling på ein stol.

– Hadde tillit til dei

På spørsmål om kvifor dottera brukte så mykje tid hjå ekteparet Øygard, svara ho at ho såg på det som eit tante- og onkel-forhold.

– Eg hadde tillit til dei. Vi hadde sett for oss at veslesystera kunne få det same forholdet til Rune og Reidun når NN (den fornærma) vart eldre og ikkje var der så mykje lenger.

Etter dette svaret brast mora i gråt, og fagdommar Torunn Kvisberg bestemte seg for å ta ein pause i forhandlingane. Den 16 år gamle jenta gjekk rett bort til vitneboksen for å trøysta mora.

– Forstod at det var alvorleg

Mor til jenta brukte mykje tid til si forklaring om kvelden i september 2011 da ho fekk høyre om overgrepa jenta skal ha vorte utsette for.

– Eg forstod at dette var noko alvorleg, eg kjende det på meg.

Ho spurde jenta om det hadde vore overgrep.

– Ho svara ja. Var det mange gonger, spurde eg. Da svara ho ja. Så sa ho ikkje noko meir, fortalde mora i retten.

Mora tok kontakt med politiet same helga, og blei oppmoda til å melde forholdet til politiet på måndagen.

Dottera ville ikkje gå til politiet i det heile teke. Faren ville vente.

– Eg som mor kjende på kroppen at dette går ikkje. Dette må politiet få vite, minnast den gråtkvalte mora.

–Tykte synd på dei

Mora fortalde at jenta i starten besøkte ekteparet av og til, og at ho tykte det var bra at dottera fekk vere saman med ekteparet Øygard.

– Vi tykte synd på dei, at dei ikkje hadde ungar. Det var fint for dottera vår at ho fekk vera der, tenkte vi.

Ho fortel at mora og Øygard ikkje snakka saman om overnattingane.

– Det var kanskje ein gong, då eg hadde bestemt at ho ikkje fekk lov. Men den kontakten gjekk mest gjennom stefaren. Men eg var veldig bestemt med henne. Sa eg to netter, så var det to netter. Heile hausferien fekk ho til dømes ikkje lov til å sove hjå dei.

Kasta gåver

Jenta fekk, ifølgje mora, mange gåver frå ekteparet Øygard.

– Det var ca ein kubikk med klede, det var undertøy, sko, parfyme og smykker. Eg tykte det gjekk over grensene, eg ville ikkje at ho skulle bli bortskjemt. Eg aksepterer ikkje at andre betalar for kleda til ungane mine. Eg bad henne om å få kononummeret til Rune for å betala tilbake. Det har eg gjort to gonger.

Det har også kome fram at jenta fekk disponere eit av Øygard sine bankkort med 30.000 kroner på. Dette skal ha vore Reidun Øygard sin idè, og skulle gje jenta høve til å spandere på venene sine.

– Eg vart rasande då eg fekk høyra at ho hadde fått tilgang til eitt av Rune sine bankkort. Ho hadde fått sitt eige bankkort av oss foreldra. Dette fekk eg ikkje vite om før etter at kontakten var slutt.

– Ein del av gåvene ho fekk har vorte kasta etter at vi melde saka til politiet, legg mora til.

Trudde ho låg på eige rom

Mora fortel at ho reagerte på den enorme aktiviteten på telefon og på internett. Dei skal ha fått høge telefonrekningar. Dette tok ho opp med dottera, utan å få svar på kva dette var.

– Vi vakna av at ho låg og snakka om natta. Kven ho prata med veit eg ikkje den dag i dag. Da vi spurde svara ho at hadde sove, fortel mora.

Aktor spør mor til fornærma om hotellovernattingar og hytteferiar.

Ein gong spurde ho dottera om ho og ordføraren låg på kvart sitt rom medan dei var på reise.

– "Ja, sjølvsagt", svara ho.

Mora visste ikkje alltid om at dottera hadde reist vekk saman med Øygard, ettersom foreldra har delt foreldreomsorg for jenta.

Nekta å vere med på middag

I retten måtte mora forklare seg om at ho to gonger tidlegare har reagert på at menn har vist upassande åtferd overfor dottera. Forsvarar Mette Yvonne Larsen var oppteke av dette poenget i si utspørring.

Mora fortalde også om den mykje omtala middagen på Vianvang der jenta og Øygard skulle møte mellom anna statsminister Jens Stoltenberg.

Øygard og mora hadde kontakt tidlegare på dagen, og ho tykte det var ei stor ære at jenta skulle få lov til å vere med.

– Eg, som er ei vanleg kone, såg opp til slike folk og tykte det var ei stor ære. Men jenta ville ikkje vere med.

Øygard kommenterte

For fyrste gong valde Rune Øygard å kommentere fleire feil som han meiner har kome fram i løpet av rettsdagen. Han peiker mellom anna på at jenta brukte under 1000 kroner av bankkortet som han og kona lot jenta låne.

Han ville også få fram at han ikkje skal ha kome med påstandar om andre aktørar i saka, slik som det har vorte påstått i fleire vitnemål.

Tidlegare i dag har kjærasten til den snart 17 år gamle jenta forklart seg i retten. Han forklarte at han ikkje visste kven Øygard var før han fekk høyre om saka, og at han fekk sjokk da jenta fortalde kva som hadde skjedd.

Personane som har vitna tysdag er menneske som står den fornærma nær, og som støttar hennar forklaring i saka mot Øygard. Mora til jenta, kjærasten og mora til kjærasten er blant dei som har forklart seg i dag.

Forsvararen til Øygard, Mette Yvonne Larsen, brukte god tid på å stille spørsmål til desse vitna og stilte mange spørsmål ved forklaringane.

Flere saker fra Innlandet