Druer ute på eit jorde ved Mjøsa...? Det høyrest kanskje litt utruleg ut, men er likevel snart ein realitet.
Årsaka er at Planteforsk Apelsvoll forskingssenter på Kise testar ut druesortar som kan vekse i Norge.
Mat og vin
Forskar Anita Sønsteby har god tru på Mjøsdrua.
- Ved Mjøsa har vi nå eit druefelt, med både vindruer og vanlege druer som vil testar ut, forklarar ho.
- Og det blir spennande å sjå om vi får dei til å overvintre...
Forskar Anita Sønsteby testar ut druesortar som kan vekse i Norge.(Foto: Vera Vold)
Vanskeleg å få til
- Den største utfordringa er å få lang nok vekstsesong, seier Sønsteby.
- Det tek lang tid før druene er modne, og derfor må vi håpe dei blir klare før den fyrste frostnatta.
- Ein må kanskje satse på klimaendringar i framtida, ler drueforskaren.
Ho er litt usikker på kor stor framtid druene ved Mjøsa har, men tykkjer at det er verdt eit forsøk.
- Dei sortane vi prøver skal passe til klimaet vårt, så vi har store forhåpningar, seier Anita Sønsteby.