Det syner ei undersøking gjort av Folkehelseinstituttet blant samtlege 10.klassingar i Hedmark og Oppland.
Ulike oppfatninger
Undersøkinga syner at det er stor skilnad i korleis gutar og jenter vurderer si eiga vekt.
Berre 40 prosent av jentene er tilfredse med kor mykje dei veg, mens 60 prosent av gutane har eit greitt forhold til vekta si.
Dei fleste meiner at dei har ei "god" eller "særs god" helse. Jentene i Oppland er dei som seier dei har den beste helsa.
Jentene i Hedmark meiner dei veg for mykje. For gutane er det annleis. Dei meiner det er eit like stort problem at folk veg for lite enn at dei veg for mykje.
Men jentene er altså misnøgde med korleis dei ser ut - og dimed korleis sjølvbiletet av seg er.
- Normale
Seniorrådgjevar ved Folkehelseinstituttet Liv Grøtvedt seier særs mange er misnøgde med vekta sjølv om dei er normalvektige.
- Jenter vil vere tynne. Det er idealet og dei er velig opptekne av dette. Det er særskilt denne alderen der dei er opptekne av slike spørsmål, seier Grøtvedt.
Viss ein brukar dei tala dei sit inne med, er jentene normale - sjølv om dei sjølv er misnøgde.
- Det er ikkje godt å seie noko om kvifor jentene seier det dei gjer. Blant dei voksne er det ein sterk vektauke, men ungdom er opptatt av idealer og vekt uansett, seier Grøtvedt.
Røykar dagleg
For jenter i 15-16 års alderen er det like vanleg å røyke dagleg i Oppland, Hedmark og Oslo.
15 prosent av jentene røykar dagleg. Jenter i Oslo røykar noko meir enn sine jevngamle i Oppland og Hedmark.
I Hedmark er det 16 prosent av gutane som seier dei røykar dagleg, medan talet i Oppland er 13 prosent.