Hopp til innhold

Minister ber folk støtte, ikkje baksnakke sjukmelde

Uføre Dag Ragnar Steen var eit offer for bygdesladder. Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) reagerer sterkt på at folk baksnakkar sjukmelde.

Anita Ihle Steen la ut dette bildet av ektemannen Dag Ragnar Steen

ATTENDEMELDINGAR: Fleire hundre har teke kontakt med Dag Ragnar Steen og kona Anita Ihle Steen etter at ho la ut dette biletet på Facebook i førre veke.

Foto: Anita Ihle Steen / privat

Anniken Hauglie

Anniken Hauglie: – I staden for å mistenkeleggjere sjuke menneske, kan kvar og ein av oss som er så heldige å vere friske heller bli flinkare til å støtte dei som slit.

Foto: Paal Wergeland / NRK

– I staden for å mistenkeleggjere sjuke menneske, kan kvar og ein som er så heldige å vere friske, støtte dei som slit, seier Arbeids- og sosialminister, Anniken Hauglie (H).

Ho liker ikkje det som kjem fram i saka om Dag Ragnar.

– Mobbing og mistenkeleggjøring av folk som lever med usynleg sjukdom, og som mottar trygd, er uakseptabelt!

Respons frå hele landet

– Eg brukte tre kvarter berre på å gå ut frå Mølla Storsenter etter at saka vart kjent, fortel Dag Ragnar Steen.

For tilbakemeldingane har vore enorme etter at kona, Anita Ihle Steen, ordførar i Ringsaker og fylkesleiar i Arbeidarpartiet i Hedmark, tok eit oppgjer med mobbing og uthenging av menneske som er sjuke utan at det visast. Både gjennom sosiale medium, meldingar, e-postar og telefonar.

– Folk har òg stoppa meg på gata for å gje meg ein klem, og seie tusen takk for at eg er på laget deira, seier Anita Ihle Steen.

Anita Ihle Steen og Dag Ragnar Steen

Anita Ihle Steen saman med mannen Dag Ragnar Steen. Dei seier at denne saka har vist dei at dette må jobbast meir med. – Når så mange engasjerer seg i saka, og seier at dette kjenner vi på kroppen kvar dag så fortel det meg at da må vi gjere noko.

Foto: Mette Finborud Børresen / NRK

Skadd i arbeidsulukke

Dag Ragnar Steen skada kneet sitt i ei arbeidsulukke i 1995, og har aldri vorte bra att. Han har hatt 11 operasjonar, følgeskadar og infeksjonar. Etter mange forsøk på å kome attende i arbeid vart han uføretrygda i fjor.

53-åringen frå Ringsaker i Hedmark får stadig spørsmål når han legg ut bilete og oppdateringar på sosiale medium. Folk lurar på korleis han kan dra på kurs og gå turar når han er uføretrygda.

– Du føler at du ikkje er noko verdt. At du lyg. Eg er heldig med at skada mi visast på meg og at eg har papir på det, seier han.

No håpar og trur ekteparet på ei haldningsendring i Noreg. Anita vil også ta med seg denne saka i sitt vidare politiske arbeid, og bruke saka for det han er verdt.

– Dette har vore eit tema som no plutseleg er lettare å prate om. Det viser meg også at vi som politikarar må prate om slike ting, seier ho.

Sjølv om tilbakemeldingane berre har vore positive, meiner Dag Ragnar Steen at dette viser at det er veldig mange som kjenner dette på kroppen.

– Eg blir litt skremt eigentleg. Eg visste ikkje at det var så mange som sleit sånn.

Dag Ragnar Steen

UFØR: Dag Ragnar Steen er uføretrygda og har kjent på kroppen korleis bygdesladder er.

Foto: Mette Finborud Børresen / NRK

Vil ha fleire i arbeid

Anniken Hauglie gjer det klart at regjeringa er oppteke av å leggje til rette for at så mange som mogleg kan vere i jobb, heilt eller delvis.

– Forsking viser også at arbeid og aktivitet for nokre er den beste medisin. Regjeringa har derfor utstyrt NAV med nye verktøy som gjer det lettare for arbeidsgjevarar å tilsette folk som trenger ekstra tilpassing og oppfølging, seier ho.

Gjennom inkluderingsdugnaden er målet å inkludere fleire av dei som i dag står på utsida av arbeidslivet.

– Folk må ha tillit til at helsevesenet gjer jobben sin. Vi snakkar ikkje om trygdesvindlarar, som vi som samfunn sjølvsagt skal jakte på og straffe. Det er menneske som ofte har meir enn nok med å halde seg gåande, seier ho.

Flere saker fra Innlandet