I fjor vår omkom ein 19-årig soldat i Rena Leir i ei ulykke i Rødsmoen øvingsfelt.
Manglande opplæring
Politiet som har etterforska ulykka, har nå gjeve forsvaret ei foretaksstraff med ei bot på 5 millionar kroner. Grunnen er at politiet meiner dårleg opplæring i leiren var årsak til ulykka.
- Etterforskinga har avdekt manglande opplæring i bruken av den typen panservogn som vart brukt da ulykka skjedde.
Manglande opplæring i bruk av denne type panservogn var årsaka til ulykka. (Foto:NRK/arkiv)
Det har ført til irregulær bruk i forhold til forsvarets eigne tryggleiksreglar, seier politiadvokat Thorbjørn Klundseter.
Døydde av hovudskadar
19 år gamle Vegard Steinsland frå Mosterhamn på Vestlandet sto i luka på panservogna da ulykka skjedde.
Stridsvogna kjørde framover da kanonrøyret plutselig støtte mot eit tre og vart slått bakover.
Kanonrøyret trefte Vegard Steinsland i hovudet. Han omkom kort tid etter av hovudskadane.
Har betra tryggleiken
I fjor var det tre dødsulykker i Forsvaret. Sjef ved Østerdal Garnison, brigader Kjell-Ove Orderud Skare, tolkar straffa frå Hedmark politidistrikt som eit klart signal om at nå er det nok.
- Vi ser på dette som eit tiltak frå samfunnet for øvrig på at ein ikkje kan akseptere dødsulykker i Forsvaret. Dette er tragiske hendingar som vi for ein kvar pris må unngå, og rettsvesenet har gjeve forsvaret ein liten advarsel, seier Orderud Skare.
Etter dødsulykkene i fjor har generalinspektøren i Hæren tilsett ein eigen tryggleiksinspektør.
Kulturendring må til
Rutinene i Rena leir vart grundig gjennomgått etter ulykka.
Sjef ved Østerdal Garnison, brigader Kjell-Ove Orderud Skare, seier mykje er gjort for å hindre at noko liknande skal skje igjen.
Men Orderud Skare trur også det må til ei kulturendring i Forsvaret for å hindre fleire ulykker.
- Fyrst når både befal og soldatar har den holdninga at dei ikkje utset seg sjølv og avdelinga si for farlege situasjonar - da kan vi lykkast i dette, seier han.