Mannen vart godkjent av den kommunale HV-nemda i Gjøvik i mai i fjor, men flytta seinare til Nord-Norge.
Erstatning
I tillegg til 360 dagars samfunnsstraff, har Vesterålen tingrett dømd han til å betale 7.500 kroner i erstatning.
Aktor ba derimot om ti månaders fengsel utan vilkår.
Mannen som var heimevernsbefal, losna fleire skot og var svært trugande i ein bustad og på ein pub.
Til alt hell vart ingen skadd sjølv om 28-åringen losna fleire skot. Ein av dei tilsette ved Smia Pub overmanna desperadoen og fekk tatt frå han geværet.
Tok gissel
Drosjesjåfør Per Knutsen vart teken som gissel. Gjøvikensaren tvang Knutsen til å køyer til sentrum.
Heller ikkje Knutsen skjøner kvifor det ikke vart fengselsstraff på mannen.
I retten kom det fram at mannen hadde store rusproblem, og at han er på rehabilitering.
Retten har lagt vekt på dette og seier i dommen at ein fengselsstraff truleg kan føre til nye straffbare handlinger.
Per Knudsen synes likevel mannen slipper for billig.
- Eg hadde håpa at han skulle få fengselsstraff, og sitte inne i eit års tid, seier Knudsen.