Hopp til innhold

Mennene slår attende

Den typiske mannen framstilles som ein valdeleg og stereotyp unnasluntrar, meiner nystarta mannsforum. Dei vil ha fokus på mannleg likestilling.

Menn

- Menn blir framstilt som unnasluntrarar og valdelege, meiner ein av initiativtakarane.

Foto: Martin Kierstein

Sei di meining lenger ned!

Korleis opplever mannen si rolle i dagens samfunn?

Det er spørsmålet det nystarta Mannsforum stiller på sitt møte i Oslo tirsdag.

- Dagens stereotype bilde av mannsrolla opplever eg som klisjefylt og einsretta, seier Bjarne Øverlid.

Han var sekretær i det fyrste mannsrolleutvalet, og ein av innleiarane på møtet i kveld.

- Mannsrolla blir skapt av styresmaktene, forskarar og media. Det blir skapt forestillingar om korleis menn eigentleg er og korleis dei bør vere, seier Øverlid.

- På kva måte da?

- Det er ei forestilling om at menn er unnasluntrarar når det gjeld omsorg, og at dei er valdelege. Det er ofte slik at menn på sitt verste blir framstilt som slik menn egentleg er, meiner han.

- Mykje sinne ute og går

Ragnar Næss er initiativtakar til Mannsforum. Han vil at mannen skal gjere som kvinnene gjorde på 60-talet, nemleg å samlast for å snakke saman.

- Ein treng eit forum der ein kan snakke om kva ein opplever og kva ein tenkjer. Det er mykje sinne ute og går, seier Næss.

Han trur at dette forumet kan synleggjere delar av den skjulte frustrasjonen Næss meiner finst hjå mange menn.

Han meiner spørsmålet om barnefordeling kanskje er det tydelegaste.

- Mange meiner at samfunnet og rettssystemet automatisk reknar med at det er kvinna som er best eigna til å oppdra barn, seier Næss.

- Usynleggjort på heimebane

NRK tok ei lita stikkprøve blant nokre menn, for å høyre om dei føler seg usynleggjort i dagens samfunn.

- Eg blir kanskje usynleggjort på heimebane nokre gonger, hehe. Neida, eg føler egentleg ikkje at det er slik, seier ein.

- Eg tykkjer kanskje at det maskuline bør kome meir fram og få meir plass, seier ein annan.

  • Har feminismen gått for langt?
  • Blir det maskuline overskugga?
  • Må menn vera som kvinner?

Sei di meining!

Flere saker fra Innlandet