NRK Meny
Normal

Meld frå om du finn døde trekkfuglar

No kjem trekkfuglane heim og dei kan ha med seg fugleinfluensa frå Sentral-Europa.

Brunnakke (hann) på Kyvannet

NO KJEM DEI: Fuglane som har vore på sydenferie i vinter kjem heim igjen, og kanskje har dei med seg sjukdommar. Mattilsynet treng hjelp til å avdekke dette. (ARKIVFOTO.)

Foto: Vigdis Veie Rosvoll

– Fleire stader i Europa er det påvist fugleinfluensa gjennom vinteren, seier beredskapskoordinator, Harald Øverby i Mattilsynet.

No ber mattilsynet om at dei som finn døde fuglar melder frå slik at ein får avdekka om fuglane har med seg sjukdommar heim igjen etter vinteropphaldet i sørlegare strøk. Det er oppdaga influensasjuke fuglar i både Danmark, Sverige og Finland og det kan også komme til oss.

Hald fuglane innandørs

Fugleinfluensaen som er avdekka i vinter er ein virussjukdom som er i slekt med den sjukdommen som folk kan bli smitta av. Denne influensaen vil ikkje smitte menneske, men ein bør passe godt på tamfuglane sine.

Mattilsynet klar for fugleinfluensa

SJEKKAR: Mattilsynet Region Øst sin beredsskapskoordinator, Harald Øverby fortel at alle dei lokale kontora no blir utstyrt til å kunne avdekke eventuelle sjukdommar hos fuglane.

Foto: Per Magunussen / NRK

– Hald hønene inne eller slik at dei ikkje kjem i kontakt med villfuglar. Vi veit ikkje om vi har fått eller vil få sjukdommar, men det er det vi ønsker å avdekke, seier Øverby.

Øverby seier det ein spesielt bør halde auga oppe for er døde eller sjuke ender, gjæser eller måker. Spesielt om det er fleire døde fuglar som ein ikkje veit dødsårsaka til. Det lokale mattilsynet blir i desse dagar utstyrt med prøvetakingsutstyr slik at dei kan sjekke fuglane for sjukdommar.

– Småfuglane på fuglebrettet er vi ikkje så interessert i, for dei fleste av dei har vore her over vinteren, seier han.