- Dårleg sommar forverrar radioaktiviteten i beiteområda.
Det seier Johan Teige ved Mattilsynet sitt regionkontor for Hedmark og Oppland.
Meir enn i fjor
Dermed blir det auka radioaktivitet i beiteområda for sau, 18 år etter Tsjernobylulykka.
Myndigheitene bruker framleis millionar kvart år på tiltak mot radioaktivitet.
Førebelse målingar tyder på at radioaktiviteten har gått litt opp frå i fjor.
Nødvendig med målingar
Sauen tek opp radioaktivitet når dei et sopp.
Det dårlege været så langt i år har gjort at soppen veks godt. Soppen tek opp radioaktivitet, og når sauen et soppen får også han radioaktivitet i kroppen.
Mattilsynet vil snart koma med ei oversikt over kvar det er nødvendig med målingar.
Teige meiner dette vil bli områda som har hatt mykje radioaktivitet tidlegare; Valdres, Gudbrandsdalen og Nord-Østerdalen. Det vil også vera aktuelt å setje i verk målingar i andre kommunar.
Ingenting å frykte
- Dersom målingane syner mykje forureining kan sauane måtte haldast på innmarksbeite ei tid før dei skal slaktast, seier Teige.
Det for at sauen kan "eta seg ned" slik at forureininga blir borte, og menneske likevel kan eta sauen.
- Det vil ikkje vera tale om nedslakting, seier Johan Teige i Mattilsynet.
Ifølgje Teige er det ikkje grunn til å frykte sauekjøttet, for radioaktivt kjøtt vil ikkje koma ut på marknaden.