Hopp til innhold

Fleire ordførarar meiner Navarsete må gå i år

Ordførar Even Moen i Stor-Elvdal er ein av fleire ordførarar frå Senterpartiet som er så misnøgde
med partileiar Liv Signe Navarsete at dei meiner ho må gå allereie i år.

Liv Signe Navarsete

Flere SP-ordførere ønsker nå at Liv Signe Navarsete blir byttet ut allerede til våren.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det skriv avisa VG i dag. Trygve Slagsvold Vedum er for mange ein favoritt til å overta leiarvervet.

Navarsete er vald fram til landsmøtet i 2015, men fleire
Sp-ordførarar meiner eit ekstraordinært landsmøte må haldast
allereie i vår, og at partiet der vel Navarsetes etterfølgjar,
skriv VG.

- Det må til eit ekstraordinært landsmøte no i vår. Eg tenkjer
både at Trygve Slagsvold Vedum og Marit Arnstad kan overta etter
Liv Signe Navarsete. Vedum har eit glimt i auget, seier ordførar
Even Moen i Stor-Elvdal kommune til avisa.

Får støtte fra fleire

Moen får støtte av fleire Sp-ordførarar som VG har snakka med,
blant anna Jan Helge Grydeland i Roan kommune.

- Eg trur Vedum kan vere eit godt alternativ. Dersom vi blir
einige om at vi skal ha eit leiarbyte, så bør det kome så fort
som mogleg ved eit ekstraordinært landsmøte, seier Grydeland.
Senterpartiets eigen havarikommisjon la fram ein knusande dom
over partileiinga i slutten av desember i fjor.

Stortingsvalet i september var det dårlegaste for partiet sidan grunnlegginga i
1920.

Den neste månaden blir det heldt fylkesårsmøte, og fleire av dei
VG har snakka med, trur leiinga vil få sterke signal.

– Enkelte ønskjer å framstille leiardebatten som medieskapt.
Det er han ikkje, seier fylkesordførar Dag Rønning i Hedmark.

Flere saker fra Innlandet