Hopp til innhold

Meddommar sovna i retten

Ein av meddommarane sovna i rettsaka mot den barnedrapstiltalte Ringsakerkvinna i dag.

Den kvinnelege meddommaren sovna under forklaringa til ein barnelege frå sjukehuset i Lillehammer. Ho måtte vekkjast av hovuddommaren, etter at aktoratet hadde gjort han merksam på hendinga.

Den 26 år gamle kvinna står tiltalt for å ha skada sin eitt år gamle son slik at han mista livet.

Barnelegen gjekk i si forklaring inn på korleis han opplevde anfalla til guten og korleis hendingsforløpet var, men delar av denne forklaringa gjekk altså ein av meddommarane glipp av.

Vurderte epilepsi

Legen sa under si forklaring at sjukehuspersonell aldri var til stades under byrjinga av guten sine anfall. Dei starta alle medan mora var aleine med guten.

Legen fortalte at han fleire gonger kom til undervegs i anfalla, og at guten da sleit med store pustevanskar.

Legen fortalte at anfalla som regel gav seg av seg sjølv etter ei tid. Han vurderte om guten kunne ha epilepsi, men EEG-prøver av guten fann ingen epileptisk aktivitet i hjerna. Han vart likevel sett på medisinar mot epilepsi.

Denne forklaringa er ein viktig del av rettsaka, men delar av den gjekk altså den eine meddommaren glipp av.

Ville ikkje spekulere

Sakkyndige frå Rettsmedisinsk institutt gjekk i dag gjennom obduksjonen av den døde guten. Dei slo fast at sonen til den tiltalte Ringsaker-kvinna døde av mangel på oksygen.

Det var i alt tre ekspertar i retten for å uttale seg om dødsårsaka. Alle konkluderte med at den eitt år gamle guten døde av surstoffmangel.

Ingen av dei tre ekspertane i retten ville spekulere i kva som var årsaka til surstoffmangelen.

Nevropatolog Kari Skullerud meinte likevel at skada guten hadde fått var svært sjeldan.

Ei slik skade kan skuldast både drukning, at barnet har svelgt noko stort eller febersjukdom, men det er svært sjeldan at noko slikt oppstår utan at nokon merkar det, konkluderte ekspertane i retten.

Les alt om denne saka

Flere saker fra Innlandet