Hopp til innhold

MC-gjestar vart fotograferte

Politiet sjekka rundt 100 personar som kom til årsfesten til Vikingr MC på Gjøvik laurdagskvelden.

På gjestelista stod mellom anna folk frå Hells Angels og andre MC-klubbar.

MC-klubben på Gjøvik har søkt om å bli medlem av ein australsk MC-organisasjon, der fleire medlemmar er kriminelle.

Stasjonssjef ved politistasjonen i Gjøvik, Terje Ottersen, seier fleire av gjestane har eit kriminelt rulleblad og difor blir holdt under oppsikt.

Mange vart kroppsvisitert og fotografert då dei var på veg til det tidlegare samfunnshuset på Bybrua.

Kriminelle medlemmar

- Vi ynskjer å gjere dette for å vise at vi har dei under oppsikt, seier Terje Ottersen, stasjonssjef ved Gjøvik politistasjon.

Han seier MC-klubben på Gjøvik, Vikingr MC, ynskjer å bli medlem av den australske organisasjonen "Coffin Cheaters" som blir rekna for å vere ein såkalla "1 prosents klubb".

- I desse klubbane veit vi at det er mange med eit kriminelt rulleblad. Difor vil vi ha kontroll med kven som gjestar årsfestane i Vikingr MC, seier Ottersen.

Mange var involverte

Ein etterforskar i Kripos har mellom anna sagt dette om klubben som Vikingr MC vil bli ein del av:

- Coffin Cheaters MC er involvert i all slags inntektsbringende kriminalitet.

 

16 tenestemenn frå politiet var med og sjekka dei tilreisande, men dei gjorde inga beslag og feiringa gjekk stille og roleg for seg.

Flere saker fra Innlandet