NRK Meny
Normal

Mattilsynet førebur masseslakt

Mattilsynet i Hedmark og Oppland førebur seg på masseslakt av fjørfe på grunn av fugleinfluensa. H5N1-viruset er nå påvist i Sverige.

 

Eggprodusent Torill Møystad.
Foto: Jørn Nordli / NRK

Svenske landbruksmyndigheiter opplyser i dag at viruset H5N1 er påvist i to ville fuglar i nærleiken av Oskarshamn, i overkant av 50 mil frå grensa til Hedmark.  

Også nabobesetningar

Mattilsynet i Hedmark og Oppland reknar nå med at fugleinfluensaen kan koma til våre område når som helst. Nå førebur Mattilsynet seg på nedslakting av heile besetningar der smitte blir påvist. Også nabobesetningar kan bli avliva. Det seier seniorrådgjevar Johan Teige i Mattilsynet.

- H5N1-viruset spreier seg nå over heile Europa, og Noreg er ikkje på nokon måte ei beskytta sone. Vi reknar med at viruset kan koma hit kva tid som helst, seier Teige. 

 

Må hindre smitte

Villfugl er klart mest utsatt for smitte. I område med smitte blir det jaktforbod og forbod mot flytting av fjørfe for å hindre smitte til tamfugl som blir halde innandørs. Men det kan likevel skje, for eksempel via vasskjelder eller ventilasjonsanlegg. Skulle smitten koma innomhus vil konsekvensene bli dramatiske.

Eggprodusent Torill Møystad i Elverum har 15.000 høner å passe på. Ho gjer nå det ho kan for å hindre at hennar høner skal bli smitta. Blant anna er det viktig å unngå at småfuglar forvillar seg inn i hønseriet.

 

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND