Dei to moskuskalvane var sterkt svekka av sjukdom, og det er mistanke om at årsaka er viruset munnskurv.
Det er også mistanke om at det er sau som har smitta moskusen, seier viltforskar Bjørn Rangbru hjå fylkesmannen i Sør-Trøndelag.
Munnskurv kan ramme sauer og geiter, og også gje seg utslag i kraftig betennelse hjå folk.
Fleire kan døy
Noko sikkert svar på kva sjukdom moskusane hadde er ikkje klart før moskusane er obdusert, seier Rangbru til Gudbrandsdølen Dagningen.
Dersom det er munnskurv, fryktar Rangbru at fleire kalvar kan koma til å døy.
Rangbru seier det ikkje er noko fare for moskusstamma trass i at to kalvar nå er avliva.
- Folk må varsle
Folk som er på tur i fjellet og oppdagar moskusar som ikkje ser friske ut, blir bedne om å varsle naturoppsynet, eventuelt fylkesmannen i Sør-Trøndelag.
Moskusane som vart avliva natt til torsdag oppheldt seg i skytefeltet på Hjerkinn, skriv Gudbrandsdølen Dagningen. Dyra vart transportert til Veterinærinstituttet i Trondheim torsdag morgon.