Noreg hadde semifinaleplass i lagtempo skøyter for kvinner onsdag kveld. Dei var i ferd med å vinne mot Japan, da Annette Bjelkevik fall halvanna runde før mål.
Det norske damelaget vart dermed slått ut.
Klare for semifinale
Eskil Ervik frå Hamar og resten av herrelaget, Håvard Bøkko og Mikael Flygind Larsen, er klare for semifinale på lagtempo skøyter. Dei slo Tyskland i onsdagens kvartfinale med 1,87 sekunder, og møter Canada i semifinalen torsdag.
Nest best i kvalifiseringa
Maren Haugli og søstrene Annette og Hedvig Bjelkevik leia med drøye to sekund på Japan da eldstesøster Bjelkevik enda i isen.
Det norske laget hadde den nest beste tida i kvalifiseringa tidlegare onsdag. Noreg kom med i kvinnenes lagtempo på overtid fordi vertsnasjonen Italia ikkje hadde nok kvalifiserte løparar.