Les også: Våpentjuveriet oppklart
Les også: Stort våpentjuveri på Jørstadmoen
Totalt 129 våpen vart stole på Jørstadmoen i august.
Dei 11 våpna som ikkje har kome til rette er Glockpistolar, som politiet trur kan vera omsett i eit beinhardt kriminelt miljø i Vestfold.
Telefonsamtaler
Politiet har dermed funne nesten alle våpna som vart stole i eitt av dei største våpentjuveria i Norgeshistoria.
Ti personar vart arresterte i saka, og politiet knyter tre av dei opp mot dei 11 pistolane som framleis er på avvege, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.
Dei tre som er varetektsfengsla, sikta for heleri av pistolane. Og i følgje avisa skal mobiltelefonsamtaler knytte i alle fall ein av dei til heleriet.
Seld vidare
Politiet skal vera overbevist om at dei tre veit meir om dei 11 pistolane enn dei vil fortelja.
Politiet trur også at dei har samarbeidd om heleriet av pistolane frå Jørstadmoen. Derfor har dei tre brev-og besøkskontroll, slik at dei ikkje skal kunne koma i kontakt med kvarandre.
Det blir hevda at dei tre sikta ikkje vil seie noko av frykt for hevnaksjonar.