Manglar sommarvikarar

Mangelen på ferievikarar er stor. Gjøvik kommune annonserer nå i svenske aviser etter hjelp.

mangel ferievikar sørbyen omsorgsenter
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Fleire arbeidsplassar slit for å få nok sommarvikarar. Vanskelegast er situasjonen i helse- og omsorgsektoren.

I Gjøvik er det 900 tilsette som gjerne vil ha sommarferien sin. Kommunen annonserer derfor i svenske aviser etter folk vikarar i helsetenesta.

God respons

Reponsen har vore god. Det fortel rekrutteringsleiar i kommunen, Thomas Lykken.

- Fleire svenskar har allereie tatt kontakt, seier Lykken. - Vi er ein attraktiv arbeidsgjevar.

Det er særleg studentar innan sjukepleie og hjelpepleie kommunen søkjer.

17-åringar og pensjonistar

I år har dei også bedt 17-åringar søkje, fortel personalsjef Marit Lium Dahlborg. Tidlegare har dei sett grensa på 18 år, fordi dei fleste over 18 har førarkort. Men 16-åringar blir for ungt, meiner Lium Dahlborg.

- Det er også viktig at hjelparane er modne, seier ho.

I tillegg søkjer dei også blant pensjonistar. Så med svenskar, 17-åringar og pensjonistar håper helsesektoren i Gjøvik kommune å få kabalen til å gå opp.

Alvorlege følgjer

Får dei ikkje nok vikarar, så får det alvorlege følgjer, seier personalsjefen.

- I så fall må vi bruke dei tilsette meir enn det vi bør, seier ho. - Da må dei gå overtid og ta ekstravakter, og det er ingen god situasjon for oss som arbeidsgjevar.

Ein annan konsekvens er at vikarmangel går ut over brukarane, på den måten at dei får ei dårlegare teneste, seier Lium Dahlborg.