Slik var den gamle logoen...
Namnet Maihaugen, de sandvigske samlinger er eit innarbeidd omgrep i norsk kultur og reiseliv.
I fjor feira institusjonen 100 år, og nå tykkjer leiinga det er på tide med fornying.
...og her er den nye.
- Namneendringa betyr ikkje at arven etter Anders Sandvig blir nedprioritert, men skal vise at samlinga etter Sandvig berre utgjer ein seksdel av verksemda ved Maihaugen, seier direktør Ågot Gammersvik.
Bumerket bytt ut
Direktøren poengterer at for Maihaugen vil Anders Sanvig alltid vera sentral.
I dag presenterte også Maihaugen ny logo, som erstattar det gamle bumerket frå Bjørnstad gard i Vågå, eit bumerke som har følgd Maihaugen sidan 20-talet.
Den nye skil seg mykje ut frå det gamle bumerket.
- Vi vil vera synlege og tydelege. Vi har brukt sterke farger, og det er fordi museum i Norge har ein tendens til å vera forsiktige.
Dette fargespekteret håper eg vi gje oss eit meir langvarig symbol, seier Gammersvik.