NRK Meny

Må reparere flomskadde vegar

Fem av dei fylkesvegane som framleis er stengt i Hedmark må reparerast og blir tidlegast opna i løpet av neste veke, melder Statens vegvesen på Twitter. Følgande vegar er stengt: Fv 103 Gåsbuvegen ved Fv 115 Vest i Hamar (alternativ rute er skiltet).Fv 106 Skolebakken i Hamar. Fv 115 Torvet - Skjeset mellom Skjeset og Ebru (alternativ rute er skiltet).Fv 155 Spangen mellom Lund og Tomter. Fv 533 Øksna-Rustad.