Eit samansett lag frå Trysil og Gjøvik vann torsdag kveld Innlandsmeisterskapen i teatersport.
Øyvind Stengrunde, Tale Berntsen, og Kjell Andre Wiklund går med det vidare til NM i teatersport på Lillehammer i september.
- Galskap
Dei tre glade vinnarane tok innersvingen på resten av laga frå Hedmark og Oppland.
Og vinnaroppskrifta er dei tre heilt einige om:
- Godt humør, litt galskap og samspel, lyder det unisont.
Øyvind Stengrunde, Tale Berntsen, og Kjell Andre Wiklund vann Innlandsmeisterskapen i teatersport.
Øyvind Stengrunde, Tale Berntsen, og Kjell Andre Wiklund meiner den største utfordringa er å unngå jernteppe, og klare å finne på noko nytt kvar gong.
- Dersom du skal vinne i teatersport, må du rett og slett finne på dei beste historiene, fortel tidlegare norgesmeister i teatersport, Marianne Steinsrud.
- Ei reise
Og laget frå Trysil og Gjøvik fann på dei beste historiene.
Dommar Gunnar Strand har klare reglar å gå etter når han avgjer kven som er vinneren.
- Teatersport er ein eigen teknikk, og det er viktig å ta med publikum på ei reise, fortel Strand.