Hopp til innhold

DIREKTE FRÅ 20.30: Valnattsending

LILLEHAMMER (NRK): Reidar Kjæstad og Marianne Duun Malmo gjer seg klare til maratonsending i kveld. Resultat, vinnarar og taparar – alt om valet i Hedmark og Oppland får du i nett-tv her på nrk.no/ho.

Programledere valgnatt i Østnytt

PROGRAMLEIARAR: Marianne Duun Malmo og Reidar Kjæstad er klare i studio frå klokka 20.30 valkvelden.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Valglogo

Valnatt.sendinga frå NRK Hedmark og Oppland startar i nett-tv på nrk.no/ho frå klokka 20.30.

Sendinga varer ut i dei små timar med fortløpande resultat frå kommunane og direkterapportar frå valvaker i både bygd og by.

– Vi har aldri hatt så lang sending i eit tv-studio før, seier kveldens programleiarar, Marianne Duun Malmo og Reidar Kjæstad.

Det blir også lokale sendinger på NRK1 to gonger i løpet av kvelden.

– Det blir jælma spennande

Programleiarane har hatt mykje å sette seg inn i, med 48 store og små kommunar i sitt område. Fredag sat dei og las seg opp på valresultat og kandidatar, for å skaffe seg best mogeleg oversikt framfor måndagen.

– Det blir jælma spennande. Det er mange kommunar der mykje er uavklart, seier lomværen Kjæstad.

NRK har journalistar og fotografar ute på vegen i alle kantar av Innlandet. I løpet av kvelden møter vi vinnarar og taparar i Hamar, Elverum, Kongsvinger, Gjøvik, Gran, Valdres, Vågå – og fleire til.

Jon Helge Lesjø

KLAR FOR VALSENDING: Samfunnsforskar Jon Helge Lesjø.

Foto: Linda Vespestad / NRK

Samfunnsforskar Jon Helge Lesjø er med i studio gjennom heile kvelden. Saman skal dei lose sjåarane gjennom valkvelden og analysere resultata.

Bylinebilde Helle Therese Kongsrud

KLAR FOR VALSENDING: Reporter Helle Therese Kongsrud.

Foto: Frode Meskau / NRK

I NRK-redaksjonen på Lillehammer er reporter Helle Therese Kongsrud på plass med med unge politikarar frå Gjøvik, Hamar og Lillehammer i panelet.
Helle følgjer med på aktivitet i sosiale media. Bruk emneknaggen #nrkhedopp på Twitter og Instagram!

Sender også på tv

Hovudsendinga på NRK1 går frå Oslo, men tek inn mange rapportar frå heile landet gjennom kvelden.

Det er lokale sendinger klokka 20.30–20.45 og 23.20–23.45.

Overgangen for radiomannen Kjæstad er stor på fleire måtar. Og han avviser sterkt alle oppfatningar om at programleiarane på tv lever eit glamorøst liv.

– Eg må stryke skjorta sjølv, og det er eg ikkje vant til. Nystroken skjorte er ikkje så viktig på radio. Eg reiser heim til ho mor i Lom i helga, seier Reidar Kjæstad lurt.

Flere saker fra Innlandet