NRK Meny
Normal

Har ho den finaste Instagram-kontoen i Noreg?

Ja, meiner tidlegare Cosmopolitan-redaktør. Sjølv vil fotograf Live Sulheim berre inspirera folk til å koma seg ut. Det har ført med seg fleire tusen Instagram-fylgjarar.

HØGVALGEN

NATURFOTOGRAF: Live Sulheim får skyt frå tidlegare Cosmopolitan-redaktør Elisa Røtterud. – Det er flotte landskapsbilete samtidig som ho skapar ein nærleik til naturen gjennom eit bilete av ein kakaokopp utanfor teltet, seier ho.

Foto: Live Sulheim

– Eg tykte det var fint borti der med skyene og ljoset som er nå. Eg tenkte eg skulle prøve å ta eit bilete av det, seier Live Andrea Sulheim og peiker mot Steindalsnosi.

FRILUFTSFRELST: Live Sulhein trivast best i frisk luft.

GLAD: Live Sulheim tykkjer det er triveleg at folk er flinke til å ta bilete på tur, men ho skulle ynskje at fleire lærte seg å bruke dei dyre kamrane sine. – Folk brukar berre auto utan å vite kva moglegheiter dei har, seier ho.

Foto: Even Lusæter / NRK

Jenta frå Lom har støtt vore glad i å vere ute. Som student og med fleksibelt arbeid, stikk Sulheim til fjells så fort det er vær til det. Det er ofte vanskeleg å få med seg andre folk med normale arbeidstider, men kamera er alltid ein trufast fylgjesven.

Likar å vere aleine

– Eg er vant med å gå for meg sjølv. Eg likar å gå på tur når det ikkje er stappfullt med folk, seier Sulheim.

Samtidig vil ho gjerne ha folk ut på tur, og det er derfor ho delar sine turbilete av fjell, telthygge og alt mogleg anna ho møter på, fyrst og fremst i si eiga leikegrind Jotunheimen, med 255 toppar over 2000 meter.

Laster Instagram-innhold

– Eg prøvar å inspirera folk til å gå på tur, det er eigentleg derfor eg likar å dele bilete. Ikkje at eg vil at alle skal koma hit da, men eg vil at alle skal sjå kor fint det er her, ler fotografen.

– Dette er berre byrjinga

Ifølge bloggar, føredragshaldar og tidlegare magasinredaktør Elisa Røtterud har Sulheim Noregs finaste Instagram.

– Eg tykkjer at bileta hennar uttrykkjer ei utruleg flott turglede, skryt Røtterud, som meiner Sulheim har eit stort talent for fotografering.

Laster Instagram-innhold

Den tidlegare moteredaktøren for Cosmopolitan meiner kombinasjonen av bilete av hissige 2000-meters toppar og lune netter i telt, gjer at ein får lyst til å ha livet til jenta frå Lom.

– Å vere ute i naturen har meir status enn nokon sinne. Ho burde ha fotokurs. Dette er jo berre byrjinga, alle vil jo ut, seier Røtterud opprømt, og legg til at ho er så fornøgd med bileta til Sulheim, at ho har leigd ho inn til eit førebels hemmeleg prosjekt.

Eit godt auga og ordentleg utstyr

Nemninga «Noregs finaste Instagram» tykkjer Sulheim er stas.

– Eg sett pris på det, men eg tykkjer det er mange andre som er flinke òg smiler Sulheim, med ei lett raudleg farge i fjeset.

Laster Instagram-innhold

Fotografen meiner det er ein fordel med eit godt auga og ordentleg utstyr om ein vil prøve seg på blinkskot frå fjellheimen. Men meiner likevel det er håp for resten av oss òg.

– Det har vore ei god utvikling på mobilfronten og ein kjem langt med telefonen, seier ho, med sitt eiga Cannon 6D i handa.

Hennar tips til fine fjellbilete er å ta seg god tid og prøve forskjellige perspektiv.

– Det er mogleg du får meir spennande bilete om du legg deg ned. Det er fint å få med folk, og det hjelp med fargerike klede. Det er og lurt for å vere synleg i fjellet, om det skulle skje noko, tipsar Sulheim.