Lensmann i Østre Toten, Terje Evenrud, erklærte seg ikkje skuldig i å ha innført ein bil ulovleg.
Rettsaka mot han starta i Halden tingrett tysdag.
Sonen tilstod
Sonen har tilstått smuglinga, men hevdar at faren ikkje visste om det.
Det var i mars i år Tollvesenet meldte lensmann Terje Evenrud og sonen hans til politiet for forsøk på ulovleg innførsel av ein bil i Svinesund.
På grunn av den lange vitnelista, treng retten to dagar til å behandle saka.
Ikkje med i bilen
Forsvarsadvokat Håvard Fremstad seier det er viktig for han å få fram at lensmannen ikkje var med i bilen da sonen vart stoppa av tollarane.
- Lensmannen og sonen må vurderast individuelt. Sjølv om sonen har tilstått, var ikkje faren med da bilen vart ført inn i landet, seier Fremstad.
Terje Evenrud er ikkje suspendert frå stillinga som lensmann, men har arbeider inntil vidare på politistasjonen på Gjøvik.