Halden tingrett dømte lensmannen frå Vestoppland til å betale 10.000 kroner i bot, samt sakskostnadane, for å ha vore med på å smugle ein bil inn i landet.
Sonen tilsto
Det var i mars i år Tollvesenet meldte lensmannen og sonen hans til politiet for forsøk på å smugle ein bil frå Sverige til Norge.
Den 29 år gamle sonen til lensmannen har erkjent straffskuld for bilsmugling, men meiner faren ikkje visste om det.
Anka var venta
Advokaten til lensmannen, Håvard Fremstad, sa allereie ved domsavgjerda at saka truleg kom til å bli anka.
Lensmannen er ikkje suspendert frå stillinga som lensmann, men har arbeider inntil vidare på politistasjonen på Gjøvik.