Hopp til innhold

Legg ned fleire asylmottak

Fire nye asylmottak blir lagt ned i Innlandet. Behovet for mottaksplassar har vorte mindre, ettersom det kjem færre asylsøkjarar til landet.

Haslemoen transittmottak

Haslemoen transittmottak er eitt av fire mottak i Oppland og Hedmark som nå må avvikle drifta.

Foto: Einar Langholen Schulstad / NRK

I dag vart det klart at UDI på landsbasis legger ned ytterlegare 3800 mottaksplassar, i tillegg til de 7000 plassane som allereie er varsla.

I fyrste runde var det Hero sine mottak i Etnedal, Stange, Rondeslottet i Sel og Hovelsåsen på Flisa som vart lagt ned i Hedmark og Oppland.

I dag fekk fire nye mottak varsel om nedlegging, blant anna Gjøvik statlege mottak og Vestre Toten mottak. Frå før er det kjent at Haslemoen transittmottak i Våler og transittmottaket Starum i Østre Toten leggjast ned.

Overkapasitet i mottaksapparatet

Grunnen til at UDI har valt å legge ned ytterlegare mottaksplassar er fordi ankomsttallene har vore overraskande lave.

– Vi har hatt svært låge ankomster gjennom heile 2016 og det har berre framleis nå utover hausten, så vi ser at vi ikkje har bruk for alle dei plassane vi har i dag, seier regiondirektør i UDI Indre Østland, Siv Kjelstrup.

Foreløpig skal mottaka drivast i tre og fire månader til.

Alle mistar jobben

Mottaksleder Ola Cato Lie

Det har store ringverknader for lokalsamfunnet, seier mottaksleiar Ola Cato Lie ved Haslemoen transittmottak

Foto: Frode Meskau / NRK

Det var ein trist beskjed, seier mottaksleiar Ola Cato Lie ved Haslemoen transittmottak.

– Det har store ringverknader for eit lite lokalsamfunn, seier mottaksleiaren.

Haslemoen transittmottak har 29 årsverk og enda fleire tilsette. Dei er eitt av fire mottak som måndag fekk beskjed om å legge ned.

I løpet av eitt år har om lag 80 personar knytt til mottaket mista jobben.

Det er mange tilsette i apparatet rundt mottaket som no blir råka. Mellom anna har kommunen 4–5 årsverk ved helsestasjonen og ei halv lærarstilling knytt til mottaket.

Og Våler Taxi som har transportoppdrag for mottaket, vil truleg også blir nøydde til å seie opp folk.

Må byte skule

Dei som i dag bur på mottaka som skal avviklast, blir flytta over til andre mottak etter kvart, seier Siv Kjelstrup i Utlendingsdirektoratet indre Østland.

– Før kontrakta løper ut, vil dei som i dag bur på mottaka få nye bustader i andre mottak i regionen vår, seier Kjelstrup.

For barna som i dag går på skulen, betyr flyttinga at dei også må byte skule.

Når dei blir flytta til eit anna mottak, vil det mest truleg ligge eit godt stykkje unna, seier Kjelstrup.

–Så, ja, det betyr dessverre at barna må skifte skule, seier Siv Kjelstrup.

Portrettbilde av Siv Kjelstrup.

OVERGANG: Det blir ein liten overgang før mottaka leggjast ned og alle blir plassert andre stader, seier regiondirektør i UDI, Siv Kjelstrup.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Flere saker fra Innlandet