Hopp til innhold

Fortvila sauebønder krev å bli høyrt

GRAN (NRK): Etter ein sommar der ulvane har teke 280 sau, møter nå Landbruks- og matminister Jon Georg Dale sauenæringa.

Møte departement og sauenæringa 4.august

VELKOMMEN: Fylkesmann i Akershus Valgerd Svarstad Haugland ynskja velkommen til møtet mellom beitedyrsnæringa, råka kommunar og Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet.

Foto: Elin Fossum / NRK

Landbruks- og matminister Jon Georg Dale og statssekretær Lars Andreas Lunde i Klima- og miljødepartementet møter nå fortvila representantar for beitebrukarane på Lygnasæter hotell.

Dei skal få høyre om korleis dei siste månadene har vore for sauebøndene i Hurdal, på Hadeland og Toten. I området har ulvens herjingar ført til tap og skadar på heile 280 beitedyr.

Optimistisk

Nestleiar i Norsk Sau og Geit (NSG), Pål Kjorstad fortalde i dag tidleg at han er

Pål Kjorstad

INGEN BEITESOMMAR: Fleire bønder har måtta ha dyra sine på innmark ein heil sommar. – Vi skal ikkje lide nokon skade på grunn av freda rovdyr, seier Pål Kjorstad i NSG.

Foto: Arne Sørenes / NRK

optimistisk til møtet og at han håpar at beitebrukarane nå skal få ein mest mogleg rettferdig saksgang, og at situasjonen på sikt vil verte betre.

– Eg trur Dale kan vere nøkkelen til at vi får utført noko, sa han.

Kjorstad fortalde at dei aldri har opplevd ein slik sommar som i år.

– Nokre beitelag har fått heile beitesesongen sin øydelagt. Eg er forundra over at dei ikkje har klart å ta ut ulven.

Krev kompensasjon

Leiar i Gran sauebeitelag Svein Erik Rasmussen håpa før møtet at det er mogleg å få svar på kva kompensasjon sauebøndene får etter alle dei ekstra ressursane dei har måtta brukt.

– Sjølv om mange held dyra sine heime, er ein fjerdedel av beitebrukarane her råka. Alle som har hatt dyr der ulven har vore, har hatt angrep.

Rasmussen meiner nå at det må gjevast løyve til å reagere på ein heilt anna måte, så fort ulven er utanfor sine område.

– Ulven må takast ut så fort den vert oppdaga utanfor ulvesona. Her kom han inn 3. mai, og ikkje noko vart gjort, sa Rasmussen.

Jon Georg Dale under ulvemøte

PÅ MØTE: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale er på Gran for å lytte til sauebønder.

Foto: Elin Fossum / NRK

Tema under møtet fredag er praktiske konsekvensar for beitebrukarane og den langvarige skadesituasjonen, i tillegg til økonomiske konsekvensar.

Flere saker fra Innlandet