Pensjonert gardbrukar Johan Stokke i Sør-Fron har blitt kongeleg hoffleverandør av dørmatter.
Dei tradisjonsrike bjørkerismattene skal ikkje ligge utanfor slottstrappene, men derimot pryde kongefamilien si hytte i Sikkilsdalen.
- Ærefullt oppdrag
Johan Stokke lagar rismatter til dronninga! (Foto: Tori Virik Nøvik, Dølen)
Dronning Sonja fekk sjå dørmattene på ei utstilling på Maihaugen, og bestilte umiddelbart seks stykker. Og det var ikkje vanskeleg for Johan Stokke å ta på seg oppdraget.
- Det er storveies at dronninga vil bruke skråvåmattene mine på Prinsehytta, smiler sør-frøningen.
Han meiner det syner at kongefamilien set pris på tradisjonsrikt handverk.
Spesialutgåver til dronninga
Dei seks kongelege dørmattene skal ha spesialmål, bestilt av dronning Sonja sjølv.
- Storveies å vera hoffeleverandør, meiner Johan Stokke frå Sør-Fron.
- Vanlegvis lagar eg mattene i ein storleik, men nå lyt eg tilpasse meg ønskjene frå dronninga, smiler Johan Stokke.
Det betyr at han måtte lage heilt nye rammer for å kunne produsere kongemattene.
- Tidkrevande
Det ligg mykje arbeid bak ei rismatte. Fyrst hentar Johan Stokke bjørkeriset, legg det i ei sjølkomponert ramme, og bitt saman med ståltråd.
- Det var tenkt som ein hobby, men det er eit tidkrevande arbeid, fortel Stokke.
- Men det er veldig artig å ta opp att ein tradisjon, legg han til.