Det einaste som er sikkert når dei 133 delegatane til nominasjonsmøtet i Oppland arbeidarparti samlast på Gjøvik i morgon, er at det blir rabalder.
1. plassen er klar; det blir Torstein Rudihagen frå Sør-Fron.
Mange meiner AUF-leiar Gry Larsen vil representere ei fornying av partiet.
Spenninga knyter seg til plass nummer to. Der blir det kamp mellom to damer fra Jevnaker.
Harde frontar
Striden står mellom Berit Brørby og Gry Larsen.
Medlem av nominasjonskomiteen, Lisbeth A. Larsen frå Vestre Toten, ber partiet støtte Berit Brørby.
Det er fordi fleirtalet av lokallaga vil ha Brørby på 2. plass.
Leiar av kvinnepolitisk styre i Oppland arbeiderparti, Bjørg Qvigstad Engen frå Østre Toten, meiner Gry Larsen representerer ei fornying av partiet.
Ung eller eldre?
Den sitjande representanten er 54 år, heiter Berit Brørby og har vore stortingsrepresentant sidan 1985. Men ho er vraka av eit fleirtal i nominasjonskomiteen til fordel for den 28 år gamle AUF-leiaren Gry Larsen.
Fleirtalet i komiteen ynskjer yngre generasjonar velkomen, seier Bjørg Qvigstad Engen frå Østre Toten.
Men alder er inga hindring, meiner eit mindretal i nominasjonskomiteen. Lisbet A. Larsen er klar på at Berit Brørby må halde fram.