Hopp til innhold

Kva skal det nye fylket heite?

– For all del: ikkje kall det Innlandet, seier tidlegare statsarkivar. No er namnediskusjonen i gang for vårt nye fylke.

Hva skal den nye regionen hete. Hva mener folket i lillehammer!

Mykje tyder på at Hedmark og Oppland blir slått saman til eitt fylke , men det er ikkje mykje som tyder på at det blir semje om namnet med det fyrste.

– Kva med Hedopp, eller Hoppland, eller Hedland, seier folk på gata med eit skråblikk. Nokon tek det med eitt smil, mens andre gruer seg til namnestrid.

Fleire meiner at Innlandet er eit bra namn. Dei viser til etablerte namn som Fagskolen Innlandet, Sjukehuset Innlandet og NHO Innlandet.

Regjeringskameratane har og foreslått namnet Innlandet på den nye regionen. Akershus, Buskerud og Østfolk skal kallast Viken-regionen.

– Ja til Opplandene

– Det er det gamle namnet på desse regionane, og da bor også Hedmark og Oppland ta det gamle namnet "Opplandene" frå same tid. Opplandene betyr nemleg dei områda som er innover i landet frå Viken, seier tidlegare statsantikvar i statsarkivet på Hamar, Per-Øivind Sandberg.

Sidan han starta i jobben som statsantikvar har han vore for å slå saman dei to fylka, og sjølv om han bur i dagens Hedmark meiner han ein bør ta det gamle Opplandene-namnet.

– «Innlandet» er eit håpløst namn

Per-Øyvind Sandberg

YNSKJER HISTORISK PERSPEKTIV PÅ NAMNEDISKUSJON: Tidlegere statsarkivar Per-Øivind Sandberg.

Foto: Helle Therese Kongsrud / NRK

– For Guds skyld, ikkje kall det «Innlandet». Buskerud og Hallingdal er også delar av innlandet, Telemark er langt frå kysten også. Og motsatsen er jo utlandet ...

I 1757 vart Oplandenes amt oppretta, og det svarar til omtrent dagens Hedmark og Oppland. I 1781 vart dette området igjen delt inn i Kristians Amt, som samsvarte omtrent Oppland, og Hedmarks amt, som omtrent dekker dagens Hedmark.

I 1918 vart dagens inndeling i Hedmark og Oppland gjennomført.

Vil ha omkamp

Fleirtalet av fylkespolitikarane i innlandet har varsla kamp mot den nye fylkeskommunen. Dei to fylkestinga har tidlegare vedteke at dei ikkje vil slåast saman , og dei reagerer strekt på at dette skal gjennomførast med tvang.

Dei håper at stortingsvalet til hausen vil gje ein ny samansetjing som kan reversere vedtaket.