Hopp til innhold

Krigshistorie i eit brukar

Det er over 40 år sidan Frans Fuchs fyrste gong krabba inn i eit hol i muren på det gamle brukaret. Der inne fann han eit radioapparat, men ingen trudde på han.

Frans med radioapparat

ATTENDE i hola. 40 år etter fyrste ekspedisjon.

Foto: Even Lusæter / NRK

For området rundt det gamle brukaret ved elva Sjoa i Heidal var leikeområde for ein del viltre gutungar tidleg på 70 talet. Og det var i samband med leik at Frans fann den hemmelege inngangen.

–Eg hugsar ikkje korleis eg fann dette holet, men eg var over alt den tida, ler Frans.

Frans Fucs

Fyrste gong Frans Fuchs smatt inn dette holet, var han berre 12-13 år. No 40 år etter vil han prøve på nytt.

Foto: Even Lusæter / NRK

Nå må dei tru meg

Kameraten Ståle Rønningen innrømmer at han ikkje trudde heilt på historia.

–Du veit det henda vi bløffa litt i kvarandre, ler Ståle.

Men etter den fyrste oppdaginga har det vorte tippa stein ved brukaret, og inngangen var ikkje lenger å finne.

–Eg har vore her fleire gonger etter eg vart vaksen og grave, for eg hugsa slik omtrent kvar det var, seier Frans.

På ekspedisjon

Så ein dag ringte Frans til kameraten Ståle Rønningen for å få han med på ekspedisjon, no var holet funne og sanninga skulle fram. Så rusta kameratane seg med lommelykter og kamera og la ut på ny ekspedisjon.

Frans Fuchs og Ståle Rønningen

KAMERATANE Frans Fuchs og Ståle Rønningen på ekspedisjon i brukaret.

Foto: Even Lusæter / NRK

–Frans er ikkje redd nokon ting, men eg trur han ville ha med seg ein som kunne trekkje han ut att etter beina om han skulle setja seg fast, humrar Ståle.

Sjølv om det er over 40 år sidan Frans besøkte hola fyrste gongen, var han framleis slank nok til å åle seg inn. Frå holet i muren er det berre ei trang pasasje mellom fjellveggen og muren før det til slutt opnar seg opp eit rom.

Og der inne, på ei hylle i muren, stod radioen. Noko medfare og prega av tida og det fuktige klimaet ved elva.

–Den gongen var radioen heilt inntakt, seier Fuchs, Berre utan trekasse.

Gamal radio

RESTANE av den gamle radioen som truleg har stått i denne hola i 70 år.

Foto: Even Lusæter / NRK

Lytta til London

–Eg veit ikkje kva radio det er eller kva han har vore brukt til, seier Frans. men dei som tek med seg eit radioapparat inn der, må ha hatt eit heilt spesielt ærend, ler Fucs.

Kameraten Ståle Rønningen har brukt mykje tid på å spørje eldre folk i området, men han har enda ikkje funne nokon som kjenner til korkje hola eller radioapparatet.

1940-tallet: Radio i en krigstid - Om NRK - Organisasjon

–Men eg tenkjer at det må vera frå krigen. Det er spennande å tenkje på at det kan ha vore motstandsfolk der inne som har lytta til London, seier Rønningen.

No vil kameratane gjerne koma i kontakt med folk som kan veta noko om historia til radioapparatet.

Gamalt brukar ved Faukstad bru

Ved sidan av Faukstadbrua i Nedre Heidal står enda brukaret frå den gamle brua.

Foto: Even Lusæter / nrk

Flere saker fra Innlandet