Tida nærmer seg for at Sjukehuset Innlandet skal kome med forslag til ein ny sjukehusstruktur i Hedmark og Oppland. I dag fekk fylkestinget i Oppland ei orientering om arbeidet så langt.
- Inga fullmakt
I debatten fremma Eli Blakstad kritikk mot fylkesordførar Audun Tron si rolle.
Som medlem av det såkalla Samfunnspanelet, der fylkesordføraren og fleire ordførarar sit, har Tron opna for ei viss sentralisering av sjukehustenestene.
Eli Blakstad seier Tron ikkje har fått nokon fullmakt frå fylkestinget i Oppland til å meine noko om dette.
- Eg ynskjer at Tron i staden kunne stille meir kritiske spørsmål, seier Blakstad.
- Ikkje mogleg
Audun Tron på si side avfeier kritikken frå Blakstad.
- Det har ikkje vore mogleg for meg å leggje opp til noko anna. Vi har ikkje i dag noko grunnlag for å meine noko. Eg skjønar at sentralisering er eit ord som ikkje kling godt i Blakstad sine øyro, men eg har opna for ei viss sentralisering av sjukehustenestene. På den måten vil eg unngå ein sterk konkurranse med Oslo-regionen, sier Tron.
- I forkant
Blakstad er ikkje nøgd med dette. Ho meiner fylkeskommunen skulle vore aktive i debatten, i forkant av forslaga som kjem 20. april.
- Vi må vere med å leggje premissane for innbyggjarane våre, seier Blakstad.
Tron meiner det ikkje er så lett.
- Det er vanskeleg å meine noko, så lengje vi ikkje veit kva Sjukehuset Innlandet vil kome med av forslag. Når dei gjer det, då vil vi i fylkestinget arbeide mykje med dette, seier Tron.