NRK Meny
Normal

Krigen førte dei saman

To jenter møttes seks år gamle i november 1944. Ein familie frå Vingrom gav husly til flyktningefamlien frå Kjøllefjord som hadde mista alt. Det vart starten på eit vennskap som har vart i snart 70 år.

Kari ble tvangsevakuert fra Finnmark som seksåring og kom til gården Lekshus i Vingrom. Der møtte hun jevngamle Berit. Fortsatt er de vennner, 70 år etter.

Berit Owren (seinare Ugland) frå Vingrom og Kari Stangnes frå Kjøllefjord vart bestevenner da familien frå Finnmark fekk bu på garden i Vingrom etter tvangsevakueringa i 1944. Video: Arne Sørenes

4. november, 1944. Tyske soldatar gjev ordre om at folket i Kjøllefjord straks må møte på skuleplassen i bygda. Kjøpmannsdottera Kari er seks år gammal og einebarn. Ho forstår ikkje kva som snart skal skje når faren legg i veg. Framme ved skulen får han, som resten av folket i Kjøllefjord og Finnmark, ein nesten ufatteleg beskjed:

– Alle måtte gjere seg klare. Om to timar skulle husa brennast.

kjølleford før krigen

Kjøllefjord før krigen

Foto: privat / nrk

Meir enn 50 000 menneske vart tvangsevakuert frå Finnmark i 1944. Desse vart sendt sørover til vener og slektningar, eller fekk bu hos ukjente som opna heimane sine. Mange vart også internerte i den nazistiske arbeidstenesta sine leirar. Mange tvangsevakuerte fekk ein mellombels heim i Hedmark eller Oppland.

LES OGSÅ: Tvangsevakuert som ti-åring

Tilbake i Vingrom

Kari Stangnes har tatt turen frå Tromsø og er tilbake på garden Lekshus i Vingrom. Det var hit ho og foreldra kom ein novemberdag i 1944, meir eller mindre tilfeldig. Presten i Kjøllefjord formidla kontakt, og via ulike mellomstasjonar fekk den tvangsevakuerte familien tilbud om å bu i ei lita stove på garden.

Til stor glede for seks år gamle Berit som alt budde på storgarden i Vingrom:

Eg hugsar at du kom nedover, og at eg fekk ein veldig fin leikekamerat.

Berit Ugland sit ved kjøkenbordet i kårhuset på Lekshus og blar i gamle album som Kari har tatt med seg. Minnet hennar er svekka av Parkinson, men bileta hjelper henne å hugse. Dei to venninnene ler av bileta, og av minnene dei løftar fram.

venner gjennom 70 år

Kari Stangnes (t.v) og Berit Ugland (t.h) ser i gamle album ved kjøkenbordet til Berit.

Foto: arne sørenes / nrk

Etter krigen

Familien frå Finnmark vart buande på Lekshus i eitt og eit halvt år. Kari og Berit byrja i første klasse, og dei to venene frå Lekshus hang saman som erteris både på skulen og i fritida. Men foreldra til Kari ville nordover igjen, og sommaren 1946 flytta familien tilbake til Kjøllefjord.

Men jentene gløymde ikkje kvarandre. Dei skreiv brev, og sendte julegåver, og då Kari var seksten år gammal flytta ho tilbake til Vingrom og Berit for å gå på gymnaset i Lillehammer.

Kari er tilbake på Lekshus

Kari Stangnes på tunet til garden Lekshus i Vingrom.

Foto: arne sørenes / nrk

– Vingrom og Lillehammer har fått ein stor plass i hjarta mitt, seier Kari som sidan har budd store delar av livet sitt i Tromsø.

– Her budde eg viktige år både i barndom- og ungdomstida.

Har skrive artikkel

Kari Stangnes har skrive ein artikkel om opplevingane sine til årets utgåve av årboka til Faaberg og Lillehammer Historielag. I denne skildrar ho både den dramtatiske evakueringa frå Finnmark slik ein seksåring hugsar den, og korleis livet gjekk vidare som flyktning ved Mjøsa.

Og Kari skriv om vennskapet som vaks fram mellom dei to småjentene. Eit vennskap som vart skapt på grunn av krig, men som snart har vart i 70 år med fred.

Dei to venninnene ser på bileta i boka og ler:

Tenk at vi er blitt så gamle, seier Kari.

– Ikkje sei det til nokon, skyt Berit raskt inn.

To gode venner

Det er sterke bånd mellom dei to kvinnene som vart venner for 70 år sidan

Foto: arne sørenes / nrk

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Ny spiller til Storhamar håndball

    Storhamar håndball har signert juniorlandslagsspiller Guro Nestaker fra Oppsal. Det skriver klubben i en pressemelding. 19 år gamle Nestaker er opprinnelig fra Gjøvik. Venstrebacken har skåret 178 mål på 52 kamper for juniorlandslaget.

  • Lastebil veltet på Dokka

    En lastebil har veltet over på siden på fylkesvei 33 ved Nordsinni på Dokka. Ingen skal være skadet. Politiet melder på Twitter at det er glatt på stedet. Bergingsbil er på vei og trafikken blir dirigert manuelt.

  • Rekordvern av skog

    Regjeringen har i dag vernet en rekke skogområder i Hedmark og Oppland. Skogområdene ligger i kommunene Sør-Odal, Stor-Elvdal og Åsnes i Hedmark, og kommunene Sel, Nord-Fron, Gjøvik, Nordre Land, Østre Toten, Etnedal, Nord-Aurdal, Gran og Lunner i Oppland. Totalt ble 49 nye skogområder i ti fylker vernet i dag.

    Gammel granskog i Engerdal
    Foto: OLE MARTIN SPONBERG / NRK