NRK Meny
Normal

Krev to og eit halvt års fengsel

Aktor Ketil Myhre krev to og eit halvt års fengsel for overgrepstiltalt hadelending.

Rettsak Hadeland

Frå venstre: bistandsadvokat Hege Salomon, aktor/konst. statsadvokat Ketil Myhre, tiltaltes forsvarar Mette Yvonne Larsen.

Foto: Anne Marie Hvattum / NRK

Mannen i 30-åra er tiltalt for seksuelle overgrep mot to mindreårige jenter. Overgrepa mot den eina skal ha foregått over ei lengre periode.

Under si prosedyre i dag kravde aktor Ketil Myhre to og eit halvt års fengsel, men foreslo at eitt år blir gjort betinga på grunn av lang saksbehandlingstid.

Myhre sa at han normalt ville ha lagt ned påstand om fem års fengsel i ei slik sak. Han meinte likevel at mannens tilståing og politiets lange saksbehandlingstid måtte virke formildande.

Strafferamma for tiltala er på 21 års fengsel medan minstestraffa er på to år.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Mot kald helg

    Det blir stort sett kuldegrader i Hedmark og Oppland i helga, seier meteorologen. Laurdag blir det truleg skya med enkelte sludd og snøbyer, og det kan også bli tåke i låglandet. Men likevel kan vi vente nokre solgløtt inn i mellom. Søndagen blir det bra vêr ifølgje meteorologen.

  • Elg langs vegane

    Det er mykje elg som går langs vegane i både Hedmark og Oppland i ettermiddag. Vegvesenet ber bilistar vere obs på dyra, og seier det mellom andre stadar er elg ved vegen på Rv 3 i Gjøvik-området, Rv 4 ved Harestua og langs E6 ved Brumunddal.

  • Trafikken går sakte

    PÅ E6 mellom Kolomoen og Harmar er det saktegåande trafikk. Det er stor trafikk gjennom vegarbeidsområdet, og køen heng igjen etter oppryddinga ved Uthus i Stange tidlegare i ettermiddag.