Hopp til innhold

Krev at politiet grip inn mot «rullande bensinstasjonar»

Tusenvis av liter diesel har vorte stole frå lastebilar, anleggsmaskiner og bensinstasjonar dei siste månadene. Nå er lastebileigarforbundet lei, og ber politiet få ut fingeren.

Lastebiler

Mange lastebilsjåførar opplever å vakne opp att med tom tank etter at dieseltjuvar har vore på ferde. (Illustrasjonsbilete)

Foto: Scanpix

Denne veka vart over 9.000 liter drivstoff og parafin stole frå Statoil sitt tankanlegg på Tynset. Og dei siste månadene har lastebil- og anleggsnæringa vore plaga av mange dieseltjuveri.

Lastebileigarforbundet meiner det er austeuropeiske kriminelle som stel drivstoffet og sel det billig vidare til utanlandske transportørar som køyrer i Noreg.

Konkurrerer ut norske selskap

– Eg såg sjølv utstyr på to rumenske lastebilar. Dei hadde tusenliterstankar ståande bak på lastebilen. Samtidig har dei tappeutstyr der dei i løpet av kort tid kan tappe over fleire hundre liter før dei forsvinn frå staden, seier Guttorm Tysnes i Norges lastebileigarforbund i Hedmark og Oppland. .

Han meiner at dei mange tjuveria er organiserte, og at drivstoffet blir selt vidare til andre austeuropeiske sjåførar.

– Det er ikkje feil å kalle det rullande bensinstasjonar når dei har fleire tusen liter på tankar på bilen, og distribuerer dette vidare til andre lastebilar, seier Tysnes.

Det betyr i så fall at utanlandske transportørar kan køyre rundt med langt lågare driftsutgifter. Dei norske selskapa mistar dermed arbeidsoppdrag medan deira eigen diesel skvulpar rundt i konkurrentane sine dieseltankar.

10–15 saker i Hedmark

Politiet har ingen fullstendig statistikk over kor mange dieseltjuveri det har vore det siste året. Men ifølgje Aftenposten er det snakk om 10–15 saker berre i Hedmark dei to siste månadene.

Kripos har tidlegare sagt til Aftenposten at dette problemet er for lite til at dei vil samordne sakene nasjonalt. Det reagerer Tysnes i lastebileigarforbundet sterkt på.

– Da lev dei i så fall i ei anna verd enn vi gjer. Vi ser kvar veka at det er tjuveri frå ulike anlegg berre i Hedmark og Oppland. Vi meiner dei bør setje meir trøkk på desse sakene, det er alvorleg for vår bransje. Eg forstår at dei har mykje å gjere, men dette er så viktig og omfattande at det må prioriterast.

– Sjåførane må sikre drivstoffet

Påtalesjef Kjell Kristian Ukkelberg i Hedmark politidistrikt meiner politiet ikkje kan skuldast for å ta for lett på desse sakene.

– Nei, det meiner eg er ein nokså dryg påstand. Politiet etterforskar sakene som alle andre saker, etter den prioriteringsordninga vi har, seier Ukkelberg.

Han vedgår at politiet ofte kjem på etterskot i desse sakene.

– Vi får melding ein dag eller to etterpå, og da ligg vi bak dei som har vore der. Dei er godt organiserte. Slike saker er høgt prioriterte av politidistriktet.

Ukkelberg trur sjåførane sjølve må sikre drivstoffet betre.

– Ja, det er eit godt utgangspunkt. Ein gjer ofte som ein alltid har gjort, men når det skjer ei utvikling må ein innrette seg etter den.

Flere saker fra Innlandet