Hopp til innhold

Krev luftambulanse i Mjøsområdet

Norsk Luftambulanse vil ha ei ny helikopterbase i området rundt Mjøsa. Nå ber dei om hjelp frå dei lokale politikarane.

Luftambulansen

Norsk Luftambulanse meiner Mjøsområdet har bruk for ei luftambulanse.

Foto: Eie, Lars / Lars Eie/NRK

Dei mest folkerike delane av Innlandet ligg midt mellom luftambulansen sine baser på Dombås, Lørenskog og Ål. Generalsekretær i Norsk Luftambulanse, Åslaug Haga, meiner det fører til at det blir for lang flytid dersom det skjer alvorlege ulykker i området.

I dag møtte ho fylkespolitikarar frå Hedmark og Oppland for å få dei med i kampen for ei ny luftambulanse.

20 minutt flytid

Åslaug Haga

Åslaug Haga vil ha hjelp frå dei lokale politikarane.

Foto: Jan Egil Løvbak / NRK

Norsk Luftambulanse har som mål at det maksimalt skal vere 20 minutt flytid frå ei base til der folk bur. Det er dei ikkje i nærleiken av i området rundt Mjøsa.

– Her er det vegar der det blir trafikkert mykje folk, det er stor turisttrafikk, mykje hytter, og ikkje minst bur det mykje folk her. Da er det uklokt å ikkje ha ei base i området, seier Åslaug Haga.

Det vil koste omlag 40 millionar kroner i året å etablere ei slik helikopterbase.

– Det er eit avgrensa beløp for å auke tryggleiken blant folk flest. Men eg meiner det er regjeringa og Stortinget som må tak i dette. Det er ikkje mogleg for dei regionale helseforetaka å få til dette med sine budsjett.

Video Vil ha luftambulanse i Mjøsområdet

Kartet viser at luftambulansen har dårleg dekning i Mjøsområdet.

Støtte frå fylkespolitikarane

Det var tydeleg at Haga nådde fram med sin bodskap da ho møtte fylkespolitikarar på Hamar i dag.

– Når ein ser på kartet over responstid så er det klart at Mjøsområdet er ein kvit del på kartet. Det må vi gjere noko med, det bur mykje folk her, og det er høge ulykkestal på vegane, seier Arbeidetpartiet sin toppkandidat til fylkestingsvalet, Njål Føsker.

Erik Ringnes frå Venstre er oppteke av at politikarane i Hedmark og Oppland må stå saman for å få dette til, og ikkje gjere dette til ein debatt om lokalisering.

– Vi må stå saman om at vi vil ha den, så er det mindre viktig kvar den blir lagt.

Flere saker fra Innlandet