13 sauebønder i Rendalen har gått til erstatningssøksmål mot staten. Dei krev 3,9 millionar kroner fordi dei vart nekta å bruke eiga utmark på grunn av fare for rovdyrangrep.
Måtte flytte sauen
Det var for to år sidan at dyrevernnemda kravde at sauen vart flytta. Årsaka var omfattande rovdyrskader.
13 bønder måtte hente inn nærare 4.000 sauar frå utmarks- til innmarksbeite.
Meirutgifter
Nå krev sauebøndene erstatning for meirutgiftene innsankinga påførte dei.
Rettssaka startar i Nord-Østerdal tingrett 12. oktober.