Møtet i den regionalpolitiske leiargruppa i Oppland onsdag er utsett. Årsaka er at fylkesmann Kristin Hille Valla og fylkesordførar Audun Tron skal ha eit møte med kommunaldepartementet for å prøve å rydde opp i samarbeidsproblema.
Krangelen mellom fylkesmann i Oppland, Kristin Hille Valla, ...
- Vil møte departementet fyrst
- Det er naturleg å utsetje møtet til vi har vore hjå kommunaldepartementet, seier Audun Tron.
Fylkesmannen, fylkesordføreraren og regionsrådsleiarane i Oppland skulle onsdag møtest for å rydde opp i samarbeidsproblema i blant anna Fritt Fram-prosjektet, men partane meiner det er naturleg at "meklingsmøtet" hjå departementet kjem fyrst.
Finn ny møtedato
... og fylkesordførar Audun Tron fører nå partane inn på teppet i kommunaldepartementet.
- Det er jo desse problema som gjer at vi er ueinige, og da blir det rart om det fyrste møtet om blant anna Fritt Fram-prosjektet, kjem før vi har fått prata ut om samarbeidsproblema med representantar frå kommunaldepartementet, seier Tron.
Det blir fastsett eit nytt møtetidspunkt med regionrådsleiarane etter møtet i kommunaldepartementet torsdag.
Fleire konflikter
I tillegg til konflikten mellom fylkesmannen og fylkesordføraren, er det også intern uro hjå Fylkesmannen i Oppland. Mellom anna gjennom lesarbrev har enkelte tilsette fått ut frustrasjonen sin over fylkesmann Kristin Hille Valla sin leiarstil.
I lesarbrev skriv ein tilsett at fleire medarbeidarar dei siste to åra har slutta hjå fylkesmannen fordi Hille Valla er vanskeleg å samarbeide med.
Den tilsette går også langt i å støtte fylkesordførar Audun Tron og andre politikarar som har gått ope ut og sagt at fylkesmannen er så vanskeleg å samarbeide med at det hindrar ei utvikling av Opplandssamfunnet.