Norges vassdrags- og energiverk skal i år kartleggje kor mange av dei kommunale vassverka der det er mogleg å lage mini-kraftverk som kan brukast til produksjon av elektrisk kraft. Ved å bytte ut reduksjonsventilane med turbinar kan ein produsere elektrisitet.
Potensiale for kraftverk
Seksjonsleiar Torodd Jensen i NVE seier dette kan gje driftsinntekter til vassverka, slik at dei kan drive rimelegare enn i dag. Ein rapport frå 1980 vart det slått fast at det er eit visst potensiale for kraftproduksjon i dei kommunale vassverka. Men no, 23 år etterpå, har teknologien betra seg og endra seg kraftig.
Kommunale vassverk i Oppland kan bli produsentar av straum.
- Vi har jo gjort mykje forsking på minikraftverk og mikrokraftverk. Dette vil vere ein form for mikrokraftverk. Difor trur vi det ligg til rette for ein slik form for kraftproduksjon. Ved å bytte ut reduksjonsventilane i vassverka med turbinar, kan ein produsere elektrisitet, seier Torodd Jensen.
Store delar av landet, og spesielt Oppland og Hedmark med sine høge fjell, ligg godt til rette for slik kraftproduksjon.
- Ein er avhengig av å ha eit vassinntak høgt over dei som får vatnet. Dimed må ein installere reduksjonsventilar. Men viss ein bytter ut dette med turbinar, er det mogleg å produsere straum, seier Jensen.
Krav til samarbeid
Det er allereie fleire døme på at dette går an å kombinere. Men det set strenge krav til samarbeid mellom kommunane og kraftprodusentane.
- Vi må hugse på at det er vassproduksjon som er det viktigaste ein driv med i vassverket. Difor må ein designe dette på ein spesiell måte for å få det til å gå i hop.
Det er ikkje berre kraftproduksjonen i seg sjølv NVE tenkjer på når dei no vil oppdatere rapporten som kom i 1980, seier Jensen.
- Ein slik form for kraftverk vil vere heilt utan naturinngrep. Naturinngrepa her blir gjort for vassverket sin del. Ein kraftproduksjon vil vere eit ekstra pluss i en slik samanheng, seier Jensen, som ikkje trur dette vil løyse noko energiproblem i Noreg.
- Nei, det er ikkje slik at dette il ha noko å seie for den totale energiproduksjonen i Noreg. Men den kan ha ein stor lokal verdi og sikre veldig stabil straumproduksjon.