Hopp til innhold

Kraftig virvelvind ved Kringsjå skule

Skypumpa oppstod av ingen ting, og var så kraftig at den kasta rundt eit fotballmål, og ein elleve år gamal gut vart bokstaveleg talt tatt av vinden.

Kraftig virvelvind på Kringsjå skole

Sjå skypumpa danse med fotballmål.

Det kraftige vêrfenomenet oppstod midt under ein barnebursdag. Foreldre og ungar var samla ved Kringsjå skule på Lillehammer, da det brått oppstod ei kraftig skypumpe på parkeringsplassen.

Ein av gutane vart litt for ivrig, og vart kasta over ende.

– Dei tykte det var spennande ei stund, men då det tok til å sprute stein og dei fekk kjenne kor store krefter det var i det, fekk dei beskjed om å dra seg unna, seier mor, Kari Sahlin.

Elleve år gamle Gustav kom frå hendinga med nokre skrubbsår på hendene og på knea..

Fekk det på film

Jostein Eikanger er far til ein av gutane som var på bursdag. Då han høyrde gutane byrja å rope og skrike, såg han den høge røyksøyla og fekk filma fenomenet.

Jostein Eikanger

FILMA SKYPUMPA: Jostein Eikanger fekk fanga fenomenet med mobiltelefonen.

Foto: Jostein Eikanger / Privat

– Det vara nok rundt tre minutt, seier Jostein Eikanger.

Han seier at minsteguten vart litt redd og gjekk i bilen til mor. For dei andre var nok opplevinga mest fasinerande.

Svært uvanleg i Norge

Statsmeteorolog Marianne Foss seier det er svært uvanleg at dette vêrfenomenet oppstår under slike forhold som på Lillehammer i dag.

Det var høgtrykk og strålande ver, og berre nokre skydottar på himmelen.

– Dette er eit typisk vårfenomen, seier meteorologen.

Ho seier at slike virvelvindar oppstår ein gong i blant på vår, sommar og haust, men aldri om vinteren.

Marianne Foss meiner det kan oppstå på grunn av konveksjon.

Ho forklarar det med at når sola varmar opp bakken, så blir det bobler av varmluft rett over bakkenivå, og når desse sprekk, så kjem det fallvindar ned mot bakken som set i gang desse virvlane.

– Virvlane kan vera mellom 2 og 15 meter i diameter og vera opp mot 30 meter høge, seier Foss.

Les også:

Flere saker fra Innlandet