Hopp til innhold

Køyreskulebil køyrde i tre

To personar vart skadd etter at ein køyreskulebil køyrde av vegen på fylkesveg 51 mellom Hovda og Leira i Nord-Aurdal.

Ulykke på fylkesvei 51.

Ulykka skjedde på fylkesveg 51 i Tisleidalen.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Det var ein bil frå ein køyreskule som køyrde av vegen og inn i eit tre på fylkesveg 51 i Tisleidalen.

– Det var tre personar i bilen. Ein er sendt til Ullevål i luftambulanse, ein er sendt i ambulanse til sjukehuset på Gjøvik. Den siste personen ser ut til å vere uskadd, og er sendt til legevakt for sjekk, seier innsatsleiar i politiet, Bård Sørumshaugen.

Siste oppdatering frå Oslo universitetssjukehus er at mannen som vart sendt i luftambulanse har moderate skader.

Vegen var stengd ei periode etter ulykka.

– Vi veit ikkje kva som har skjedd, vi skal undersøke saka vidare, seier Sørumshaugen.

Ifølgje NRK sin reporter er det ganske sporete vegbane på staden.

Bård Sørumshaugen

Innsatsleiar Bård Sørumshaugen.

Foto: Sigrid Havig Berge / NRK

Flere saker fra Innlandet