Hopp til innhold

Køyrer ihjel sauer - men seier ikkje frå

Fleire sauebønder i Gudbrandsdalen har denne sommaren opplevd at uvanleg mange sauer blir påkøyrd. Sjåførane bryr seg ikkje om å seie frå.

Sau påkøyrd Ringebu

SAUEBONDE Aud Kristine Haugstad har fleire gonger i sommar hatt den utrivelege jobben med å hente daude og skadde sauer opp frå veigbana.

Foto: Privat

Dette har no Aud Kristine Haugstad frå Venabygda fått nok av

–Eg tykkjer det er dårleg oppførsel, seier Haugstad.

Melder ikkje frå

Haugstad er sauebonde og har fleire gonger i sommar hatt den utrivelege jobben med å hente daude og skadde sauer opp frå vegbana.

–Det som er det verste med det, er at dei ikkje seier i frå, seier Aud Kristine Haugstad.

Turgåarar redda sau som låg på ryggen

Fleire beitelag i distriktet kan fortelja same historia. Bilistane reiser vidare, også i dei tilfella der dyra lever vidare med store skader.

Sau påkøyrd Ringebu

INGEN grunn for ikkje å melde frå, seier Aud Kristine Haugstad

Foto: Anne Eline Streitlien

– Akuratt no har eg eit lam på tilhengeren som eg fann i ei veggrøft. Det har vorte påkøyrd i bakparten. Det lever framleis, men det må sjølvsagt avlivast, seier Kristine Haugstad.

Ho meiner det bør vera enkelt for bilistane å gjeva beskjed til eigarane. Alle sauene har merke i øyre med namn og telefonnummer til eigaren, så det er ikkje noka unnskyldning, seier sauebonden.

Plikta å melde frå

Veterinær Marie Skavnes i Mattilsynet i Gudbrandsdalen, seier at den enkelte bilist pliktar å melde frå.

Marie Skavnes, Mattilsynet Gudbrandsdal

ALLE pliktar å melde frå, seier Veterinær Marie Skavnes.

Foto: Dag Kessel / NRK

Treffer du på eit dyr som er skadd eller sjukt og som er hjelpelaust, så skal du så langt det er mogleg hjelpe det, seier Skavnes.

– Og visst du ikkje klarar å hjelpe det, så skal du varsle enten eigar eller politi, seier Skavnes i Mattilsynet.

Gratis å melde frå

Mange bilførarar trur dei må betale erstatning når dei køyrer på dyr i vegen, men slik er det ikkje, seier Aud Kristine Haugstad.

Døden på skinnene

–Har du vore så uheldig at du har køyrt på ein sau, så blir du ikkje økonomisk belasta, seier Haugstad.

Det er viktig å melde frå til dyreeigar, fylle ut ei skademelding og sende ho til forsikringsselskapet, seier Haugstad.

Dette stadfestar Christian Haraldsen i Gjensidige Forsikring.

–Det er same kva dyr du støyter saman med, så er det korkje eigenandel eller bonustap, seier Haraldsen.

Flere saker fra Innlandet