Onsdag 10. september 2003 kom mannen køyrende på riksveg 4, då han var på veg frå Raufoss til Gjøvik. På veg attende i Hunndalen hadde biltilsynet kontroll og mannen vart bedt om å stoppe.
Promille
Raufoss-mannen hadde vel to i promille og ville ikkje stoppe for mannen frå biltilsynet.
Han prøvde difor å styre unna kontrollen, noko biltilsynsmannen såg. Derfor prøvde han å stille seg framfor bilen.
Idet biltilsynsmannen skulle gå ut til side, sette føraren bilen i bevegelse og kontrolløren måtte hoppe opp på pansret for ikkje å bli overkøyrd.
Biltilsynsmannen rulla ned frå pansret på vegen og i denne samanhengen fekk han skrubbskadar på hender, albue og bein. Føraren slapp unna, men vart seinare pågripen heime i eige hus.
Alvorleg
Toten tingrett har kome fram til at det er alvorleg å køyre på ein mann i rusa tilstand.
Fleirtalet meiner det er greit med ein fengselsdom, der 15 dagar er gjort på vilkår. Mindretalet, rettens dommar, ville ha ein ubetinga dom på 45 dagars fengsel.
Men mindretalet meiner ein må ta omsyn til at det er gått lengje sidan hendinga. Mannen må difor sone 30 av dei 45 dagane han er dømd for.
I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 32.000 kroner i bot.