NRK Meny
Normal

Kontaktar Tyskland

Politimeister Einar Henriksen vil ta kontakt med den tyske ambassaden for å eventuelt hente ned soldatlevningane i Rondane.

Midtronden
Foto: Karianne Stordal / NRK

I helga kom det fram at restar etter to soldatar som omkom i ein flystyrt under andre verdskrigen, ligg synleg til ved Midtronden. Politiet vil ikkje hente levningane på grunn av rasfare i området.

Jurist og folkerettsekspert Hanne Sofie Greve meiner Norge har plikt til å informere tyske myndigheiter om soldatlevningane.

Einar Henriksen
Foto: NRK

Einar Henriksen seier nå at han vil ta tak i saka med det første.

- Eg synest ikkje at det er riktig at dei skal bli liggjande der når vi veit om det. Saka har også ei etisk side, derfor ønskjer eg nå å finne ei løysing i ei eller anna form, seier han.

Det første han vil gjera, er å ta kontakt med den tyske ambassaden og kanskje på den måten få kontakt med den tyske krigsgravstenesta.

- Det kan hende at dei har ei oversikt over kven som vart drepne i flystyrten i 1944, og at dei har forslag til ei løysing. Ei løysing må vi i alle fall koma fram til, seier Henriksen.

Krasja under krigen

14 tyske offiserar omkom da eit fly krasja i Midtronden seinhausten 1944. Etter krigen kom tyske militære for å setja ein minnestein og gravleggje dei kroppane som var funne.

På 1960-talet vart tre døde til henta ned og ført til ei krigsgrav i Trøndelag. For to år sidan vart politiet varsla om at levingane etter enda to personar hadde dukka opp, truleg etter eit ras. Men på desse to åra har ingenting skjedd.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Rekordvern av skog

    Regjeringen har i dag vernet en rekke skogområder i Hedmark og Oppland. Skogområdene ligger i kommunene Sør-Odal, Stor-Elvdal og Åsnes i Hedmark, og kommunene Sel, Nord-Fron, Gjøvik, Nordre Land, Østre Toten, Etnedal, Nord-Aurdal, Gran og Lunner i Oppland. Totalt ble 49 nye skogområder i ti fylker vernet i dag.

    Gammel granskog i Engerdal
    Foto: OLE MARTIN SPONBERG / NRK
  • Dark Room-dømt

    En 45 år gammel mann fra Hedmarken er i Sør-Østerdal tingrett dømt til fengsel i ti måneder for å ha lastet ned og spredt bilder og filmer med seksuelle overgrep mot barn. Mannen var også tiltalt for å ha forbrudt seg seksuelt mot en 12 år gammel jente i nær familie, men ble frifunnet på dette punktet. Navnet hans dukket opp i materiale i det såkalte Dark Room prosjektet.

  • Grøtsalget til værs

    Salget av grøt går rett til værs her i landet nå før jul. Det viser tallene fra TINE Meieriet Tretten, som kaller seg for Norges grøtfabrikk (bildet). Den 6. desember satte de produksjonsrekord på Tretten. Da produserte de for første gang over 100.000 kg grøt på en dag

    Verdens største grøtskje
    Foto: Olav Håland / TINE AS