Hopp til innhold

Kongsvinger risikerer poengtrekk

Kongsvinger Toppfotball har søkt kommunen om å få ettergjeve eit lån på 500.000 kroner. Rådmannen seier nei, noko som betyr at klubben risikerer å få poengtrekk i 1. divisjon neste år.

Kongsvinger

Kongsvinger må strekke seg langt for å klare å betale låna sine.

Foto: Vegard Herlyng / NRK

I 2009 låg Kongsvinger nede for telling, og var svært nær å gå konkurs. Ein større redningsaksjon vart starta, og i samband med det fekk fotballklubben eit lån frå kommunen på 500.000 kroner.

I sommar søkte klubben om at kommunen ettergjev dette lånet, slik at dei for alvor klarar å kome seg på føtene att økonomisk.

Kan miste lisensen

I ettermiddag skal formannskapet i Kongsvinger vurdere saka. Med seg på vegen får dei ei innstilling frå rådmann Torleif Lindahl. Han seier ifølgje avisa Glåmdalen eit klart nei til om lånet bør ettergjevast.

Dersom politikarane vel å følgje kommunens høgaste administrative leiar kan det få konsekvensar også sportsleg for 1. divisjonsklubben. Det betyr nemleg at dei ikkje klarer å følgje handlingsplanen dei er pålagt frå Norges Fotballforbund.

Det kan føre til at dei blir trekt poeng allereie neste sommar. I verste fall kan dei på sikt miste lisensen dersom dei ikkje klarar å få kontroll på økonomien. Det betyr at klubben blir tvangsflytta ein eller fleire divisjonar ned.

Skuffa over rådmannen

Styreleiar i KIL Toppfotball, Hans Einar Holth er skuffa over rådmannen si innstilling om å ikkje ettergje lånet på 500.000 kroner.

– Eg har forstått at dei allereie har bokført dette som utgifter, og da vil det heller ikkje belaste rekneskapen, seier han til Glåmdalen.

Han set nå sin lit til at formannskapet går mot rådmannen sitt råd og gjev fotballklubben ein litt lettare økonomisk kvardag framover.

Flere saker fra Innlandet